Historisk dag 19. februar: første HVO-disputas

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Stein Conradsen får ein heilt spesiell plass i Høgskulen i Volda sine historiebøker når han fredag 19. februar blir den første til å disputere gjennom høgskulens eige doktorgradsprogram.

Høgskulen i Volda (HVO) har årleg fleire tilsette som disputerer for doktorgraden sin, da ved andre universitet. På grunn av koronasituasjonen har fleire disputert digitalt frå HVO den siste tida, men da også med eit universitet i Noreg som ansvarleg.

Når Stein Conradsen disputerer 19. februar er han den første som gjer det gjennom HVO sitt eige doktorgradsprogram Ph.d.- studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling. Programmet er eit samarbeid med Høgskolen i Molde, og dei har hatt kandidatar som har disputert – Conradsen blir den første knytt til HVO som disputerer.

– Dette er ein merkedag for Høgskulen i Volda og vi er svært glade for at den første kandidaten er i mål. Å ha eit eige doktorgradsprogram som fungerer godt er eit kvalitetsteikn for oss som utdanningsinstitusjon, seier Johann Roppen, rektor ved HVO.

HER KAN DU SJÅ PRØVEFORELESING OG DISPUTAS FRÅ KLOKKA 10.15

Kl. 10.15: Prøverforelesing

Kl. 12.15: Disputas

Mange merkesteinar

Det har vore disputert fysisk to gongar tidlegare ved HVO, begge i 2003 og gjennom Universitetet i Bergen. Den siste av dem var nettopp rektor Roppen. No gler han seg til å sitje i det store auditoriet å sjå Conradsen overta stafettpinnen og starte på ein heilt ny etappe. 

Ph.d.- studium i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving - vilkår og utvikling starta opp i 2015. Godkjenninga og vedtak om akkreditering av doktorgraden kom året før, bak det låg mykje arbeid av tilsette ved HVO og Høgskolen i Molde.

– Det har vore mange merkesteinar for denne doktorgraden i desse åra og det er fint å kunne legge til ein til. På ein sånn dag er det også på sin plass med skryt til dei som stod bak arbeidet med å få den opp å gå, synest Roppen og nemner professorane Kåre Heggen, Tor-Johan Ekeland, Jan Inge Sørbø og Per Halse ved HVO.

Godt samarbeid

Rektoren roser også samarbeidet med Høgskolen i Molde, og peiker på at høgskulane utfyller kvarandre. Molde er fagleg sterke på helsedelen og vi på den sosialfaglege delen, seier han. 

Nettopp det trekker også Stein Conradsen fram når han skal omtale doktorgradsprogrammet som har passa han som hand i hanske. Mannen som er frå Stokmarknes, men som på slutten av 80-talet starta studiane sine i Volda og har budd mykje av sitt vaksne liv i sunnmørsbygda, dreg også inn ein tredje part som er viktig – Helse Møre og Romsdal helseføretak.

Conradsen begynte å jobbe i helseføretaket i 2006, der han med sin pedagogikk-bakgrunn var tilknytt lærings- og meistringssenteret. Han heldt fram i jobben til 2020, inkludert ei permisjonstid grunna doktorgradsstillinga si ved HVO.

Utvikling for framtida

Conradsen tok til som doktorgradsstipendiat i 2018, men stod ikkje på bar bakke med forsking. For Conradsen hadde allereie gjennomført to forskingsprosjekt i jobben sin i helseføretaket, som han kunne ta med seg inn i doktorgradsarbeidet sitt. 

– Vi håper på meir samarbeid med helseføretaket i åra som kjem. Doktorgradsprogrammet vårt understrekar kor viktig helse og sosialfag er for oss, og at det blir berre viktigare og viktigare. Volda er mest kjend for lærar- og medieutdanning, men det er godt å ha fleire bein å stå på, påpeiker Roppen.

Det er søt musikk i øyra til Conradsen som set stor pris på samarbeidet mellom høgskulane i Volda og Molde og helseføretaket. 

– Det er bra at HVO og helsetenesta får utvikle enda meir på utdanning og forsking. HVO har mykje å bidra med som helsetenesta kan utvikle seg på, og helsetenesta kan bidra med erfaringar frå praksisfeltet, seier Conradsen og held fram:

– I tillegg til at Volda og Molde spelar på kvar sine faglege styrkar, er eg også glad for dei koplingane som skjer mellom doktorgradsstipendiatane på programmet og dei tilsette ved høgskulane som arbeider med det. Der har ein arenaer, som til dømes Metodeforum, som er svært gode for å bli kjent både personleg og fagleg på tvers av fagkompetanse og kor ein er tilsett.

Viktige funn frå Conradsen

I doktorgradsavhandlinga si konkluderer Conradsen mellom anna med følgande: Jo meir kunnskap pasientar som skal gjennom kirurgiske inngrep får om sin eigen sjukdom eller skade og om
behandlinga dei skal få på sjukehusa, jo meir tillit vil dei ha til personalet.

– Helsetenester med teknologi, medisinar og all si nyutvikling i dag går føre seg på måtar og fungerer på eit nivå som dei fleste av oss ikkje forstår. Derfor er behovet for informasjon i god tid til pasientar stort. Gjennom god og nyttig informasjon frå helsepersonell vil pasienten stole på dei og det blir bygd tillit. På den måten er også pasienten tryggare i sine val om å ta medisinar som er bra for vedkomande eller seie ja til ein operasjon som vil vere til gunst, forklarar Conradsen.

Audmjuk 

Når vi nemner ordet historisk og at han blir først ut til å disputere, er Conradsen tydeleg klar over det, men kunne godt tenkt seg til at det var ein annan i hans sko når det kjem til merksemda rundt det heile.

Men den lune nordlendingen med Volda-pass er ikkje nervøs før den store dagen og påstår hardnakka at han søv godt om natta.

– Eg gler meg og prøver å konkretisere kva eg skal gjere på disputasdagen. Eg kunne godt ha klart meg utan all ståheien, men forstår at det bør markerast. Det er bra for HVO, for min del er ikkje markeringa og omtalen like viktig, smiler Conradsen.
 

Del på