Oppmelding / avmelding / sjukdom ved eksamen
Studentar med aktiv studierett melder seg til ordinær og utsett eksamen i Studentweb som ein del av semesterregistreringa. Frist for oppmelding og registrering kjem fram av Viktige fristar.
Oppmelding til ordinær eksamen
Oppmelding til ordinær eksamen skjer i samband med godkjenning av utdanningsplan/semesterregistrering i Studentweb, innan 1.september i haustsemesteret og 1.februar i vårsemesteret.
Studenten er sjølv ansvarleg for å kontrollere i Studentweb at oppmeldinga til eksamen er korrekt. Eksamensdato vert kunngjort på Studentweb og i eksamensplanen på hivolda.no når den er klar.
Oppmelding til utsett eksamen (kontinuasjonseksamen)
Studentar som ikkje kan melde seg til kontinuasjonseksamen i Studentweb, melder seg ved å fylle ut skjema her. Merk at du kan melde deg til fleire eksamenar i same skjema. Frist for oppmelding kjem fram av skjema og kalender for studieåret.
Avmelding frå eksamen
Avmelding innan fristen
Du kan sjølv velje å trekke deg frå eksamen i Studentweb inntil 2 veker før eksamensdato. Du finn den nøyaktige datoen for trekkfrist i Studentweb.
Trekk etter fristen
Avmelding eller trekk etter fristen vert rekna som eitt forsøk. Trekk etter fristen vert registrert som ikkje møtt/ikkje levert, og gir ikkje utløysande rett til ny eksamen (kontinuasjonseksamen).
Dersom du leverer trekkskjema til eksamensvakt på skriftleg skuleeksamen, eller brukar «lever blankt»-knappen på heimeeksamen, reknast dette som avbrudd under eksamen. Ved avbrudd under eksamen brukar du eit eksamensforøk, men får rett til kontinuasjonseksamen i påfølgjande semester.
Du kan lese meir om kva som gir utløysande rett til kontinuasjonseksamen her.
Sjukdom som oppstår under eksamenstida
Dersom du blir sjuk i løpet av eksamensgjennomføringa og dermed må avbryte eksamen, skal du ikkje levere eksamenssvaret ditt. Eit levert eksamenssvar blir sendt til sensur og du vil ikkje kunne få gyldig fråvær.
Dersom du blir sjuk under ein skriftleg skuleeksamen, melder du frå til eksamensvakta at du vil trekke deg frå eksamen.
Dersom du blir sjuk under ein heimeeksamen, kan du la vere å levere eksamenssvar.
I begge tilfelle kan du få godkjent gyldig fråvær dersom du leverer legeerklæring eller annan gyldig dokumentasjon til eksamensteamet. Du sender dokumentasjonen for fråvær på eksamen inn via skjema, her. Dersom du ikkje får levert dokumentasjon på gyldig fråvær seinast første vyrkedag etter eksamen, må du kontakte eksamensteamet for å gi beskjed om dette, og kva tid du forventar å ha dokumentasjonen klar.
Når du får gyldig fråvær brukar du ikkje eit eksamensforsøk, og du kan søkje om utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) påfølgjande semester.
Les meir om kontinuasjonseksamen.
Sjukdom eller annan tvingande fråværsgrunn
Dersom du er sjuk eller har annan gyldig grunn til ikkje å ta eksamen, kan du få godkjent gyldig fråvær dersom du leverer legeerklæring eller annan gyldig dokumentasjon til eksamensteamet.
Eksempel på situasjonar som kan gi gyldig fråvær er:
- Sjukdom (eller sjukdom hos nokon du har forsørgjaransvar for)
- Fødsel
- Dødsfall i nær familie
Kollisjonar med eksamenar og/eller obligatoriske aktivitetar utanom ordinært studieprogram, jobb, ferie og reiser eller tilsvarande gir ikkje gyldig grunn til fråvær.
Du sender dokumentasjonen for fråvær på eksamen inn via skjema, her. Dersom du ikkje får levert dokumentasjon på gyldig fråvær seinast første vyrkedag etter eksamen, må du kontakte eksamensteamet for å gi beskjed om dette, og kva tid du forventar å ha dokumentasjonen klar.
Når du får gyldig fråvær brukar du ikkje eit eksamensforsøk, og du kan søkje om utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) påfølgjande semester.
Les meir om kontinuasjonseksamen.
Finn du ikkje informasjonen du treng?
Kontakt Studentsørvis:
70 07 50 18 | studentsorvis@hivolda.no
eller kom innom i opningstida: måndag-fredag kl. 08:00-15.00
Du finn oss i 1. etasje i Berte Kanutte-huset
Les meir om opningstider, adgangsrettar m.m. på campus her.