Forskingsprosjekt

Kva forskar HVO-tilsette på? Nedanfor finn du ein kort presentasjon av nokre aktuelle FoU-prosjekt innanfor satsingsområda til HVO, med vekt på nettverks- og større samarbeidsprosjekt. Meir utfyllande informasjon ligg på heimesidene til dei enkelte prosjekta.

Alger for fremtiden (A2F)

Med mikroalger som utgangspunkt vil NFR-prosjektet «Alger for fremtiden - A2F» undersøke algenes potensial til å produsere høykvalitets proteiner, flerumettede fettsyrer og karbohydrater til fremtidens matfat. Vi vil kombinere fagkunnskap om dyrking og optimalisering av mikroalgers biomassekomposisjon i lab- og pilotskala, med erfaringen til bl.a. profesjonelle bakere, ølbryggere og fiskefôrprodusenter. Slik legger vi grunnlaget for en felles innovasjonsplattform for fremtidens bærekraftige norske algeindustri.

Prosjektleder for A2F er Stig A. Borgvang ved NIBIO. Høgskulen i Volda er partner i forskningsprosjektet, og Kristian Fuglseth ved Avdeling for mediefag er arbeidspakkeleder i WP9 Dissemination and Communication.

Brain power and language learning

A critical investigation with particular emphasis on illiterate learners

Prosjektansvarleg:        

Førsteamanuensis Katrin Lunde, ISL

Fagleg ansvarleg:         

Professor Jorunn Hetland, tidlegare NTNU, no ISL

Samarbeidspartnarar:    

  • Universitetslektor Helena Korp (PhD, pedagogikk), Högskolan Väst, Trollhättan, Sverige
  • Universitetsadjunkt Pantea Rinnemaa, Högskolan Väst, Trollhättan, Sverige
  • Prosjektleiar for prosjektet Meningsfull väntan Ole Guldahl på asylmottaket Restad Gård, Vänersborg, Sverige

Prosjektomtale:

Vi planlegg å parallellteste og samanlikne andrespråksinnlæring etter to radikalt ulike opplegg, Lozanov-metoden og tradisjonell andrespråksundervisning. Vi vil særleg konsentrere oss om språklæring hos analfabetar (dette er ekstremtilfellet, med deltakarar som ofte er oppgjevne av kommunane og NAV), men resultata frå prosjektet vil kunne vise seg å ha mykje å seie også for språklæring hos lesekyndige, både i vaksenopplæringa og på alle trinn i skulen, og truleg for læring generelt.

Prosjektet har også ei sterk teoretisk forankring og eit teoretisk siktemål: Vi vil – ut frå nyare hjerne- og persepsjonsforsking – identifisere faktorar og samspel av faktorar som verkar inn på prosesseringa av språk i hjernen og systematisk teste ut verknaden av desse faktorane i praktisk språklæring. Målet er, ved sidan av å bidra til å forbetre praksis i språklæringa, å vidareutvikle kognitiv språkteori og pedagogisk teori.

DigiHand

Forskingsprosjektet DigiHand er finansiert av Noregs Forskingsråds program FINNUT og er eit samarbeidsprosjekt med forskarar ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, AHL, er prosjektleiar for DigiHand.

Førsteamanuensis Siv Måseidvåg Gamlem, AHL, er forskingsleiar for DigiHand.

Prosjektperiode: 2018 - 2020.

Les meir om prosjektet

HERA Travelling TexTs: 1790-1914 (EU-prosjekt)

HERA er eit felles-europeisk program for humaniora og samfunnsfagforsking (Humanities in the European Research Area), finansiert av dei deltakande landa og av EUs rammeprogram for forsking (Horisont 2020). Prosjektet ‘Travelling Texts 1790-1914: The Transnational Reception of Women’s Writing at the Fringes of Europe (Finland, the Netherlands, Norway, Slovenia, Spain)’ var eit av dei høgst rangerte i søknadsrunden, som nummer to av om lag seks hundre. Høgskulen i Volda var ein av fem partnarar i prosjektet, saman med University of St Andrews (seinare flytta til University of Glasgow), Turku University, University of Nova Gorica (SL) og Huygens ING Research Institute for History and Culture (NL). Prosjektet gjekk frå 2013-16, og er no i oppfølgingsfasen. Det er HVO sitt første EU-prosjekt.

 

Les meir om prosjektet

 

Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder

Prosjektet fokuserer på ei etablert førestilling: at det i perioden ca. 1660–1870 fanst ei enkel kulturell todeling i det norske samfunnet – ein elitekultur (der embetsmannsgruppa dominerte) og ein folkekultur (der bondegruppa dominerte). Prosjektet vårt set spørsmålsteikn ved eit slikt essensialistisk syn, eller vil i det minste nyansere denne todelinga. For det første var både elitesjiktet og bondesjiktet langt meir mangfaldige enn denne tokulturlæra tilseier. Dei var også gjennomskorne av vertikale band (patron-klient-band). For det andre er det vår hypotese at det fanst vesentlege regionale kulturskilnader, og dermed også skilnader i korleis kulturmøta arta seg. Prosjektet vil difor ha eit regionalt fokus. Teoriar og typologiar kring disiplinering, samfunnsorganisering og, ikkje minst, patron-klientrelasjonar vil vere viktige reiskapar under tilnærminga.

Les meir om prosjektet

Meistring av førskulelærarrolla (MAFAL)

Hovudmålet med prosjektet er å auke den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på barnehageområdet. Prosjektmedarbeidarane vil gjennomføre ei landsomfattande spørjegransking på barnehagefeltet ut frå to overordna problemstillingar:

  • Korleis forstår og meistrar førskulelærarane yrket sitt? Dette vil dels bli studert i lys av grunnutdanninga og kvalifiseringa til yrket, og del i lys av arbeidsdelinga med assistentane.
  • Kva innhald og arbeidsmåtar finn vi i barnehagen?
     

Les meir om prosjektet

Ora et labora - Katolsk arbeidsinnvandring på sunnmøre

Korleis og i kva grad bidrar Den katolske kyrkja til integrering av arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa i lokalsamfunn, arbeidsmarknad og sivilsamfunn? Dette er det sentrale forskingsspørsmålet i prosjektet «Ora et labora», eit fellesprosjekt mellom Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda og Møreforsking.

Les meir om prosjektet

Les bloggen

Secular Norway - Religious USA

This project focuses on the role of religion regarding the ongoing debate about basic values in two different national cultures like those of Norway and the USA. It starts in the history of immigration, aiming at understanding the influence from immigrant church life on the development of democracy in Norway in the 1800s. We will also conduct a comparative study of traditions for teaching basic values to children in Norway and the USA. Basic values are understood to be more or less universal; they might be founded in a religious or philosophical conviction, but are dealt with in two different school systems, one in close connection with a national religion while in the other one there is no teaching of religion at all. Finally we will focus on values in contemporary politics of the two nations.

 

Les meir om prosjektet

SPEED

Hovudsaka i prosjektet er å studere innhaldet i og utbytet av spesialundervisninga. Hovudproblemstillinga er formulert slik: Kva handlar spesialundervisning om, og kva funksjon har den?

For å svare på dette forskingsproblemet har vi fleire delproblemstillingar, mellom anna:

  • Korleis er spesialundervisning forstått i praksis?
  • Kva går spesialundervisninga ut på?
  • Kva skil spesialundervisning frå ordinær opplæring?
  • Kva slag elevar får spesialundervisning, og kva elevar får ikkje?
  • Korleis er spesialundervisninga organisert?
  • Kva samband er det mellom spesialundervisning og ordinær opplæring?
  • Kva er resultatet av spesialundervisninga?

Les meir om prosjektet

Virkemidler for regional FoU og innovasjon (VRI)

VRI-programmet er Forskningsrådets hovedsatsing på forskning og innovasjon i norske regioner. Særskilte virkemidler er stilt til rådighet for å fremme innovasjon, kunnskapsutvikling og verdiskaping i regionene.

VRI er et nasjonalt program som i første omgang skal vare i 10 år (2007-2017). Programmet skal ivareta både regionale prioriteringer, behov og fortrinn og nasjonale strategier for FoU og innovasjon.

VRI i Møre og Romsdal skal fremme kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping gjennom samhandling mellom FoU-institusjoner, regionale bedrifter og offentlig sektor, slik at regionens spesielle fortrinn styrkes.

Les meir om prosjektet