Kvinneløftet

Kvinneløftet -  NFR-prosjekt for å auke talet på kvinner med toppkompetanse

Wenche Torrissen, Silje L. Dahl, Siv T. M. Gamlem. Foto: Atle Remmereit
F.v. professor Wenche Torrissen, førsteamanuensis Silje Dahl og professor Siv Måseidvåg Gamlem.

Den årlege tilstandsrapporten for høgare utdanning og nyare forsking viser at det framleis er meir sannsynleg at mannlege enn kvinnelege førsteamanuensar vert professorar. Høgskulen i Volda har eit uttalt mål i Strategiplanen om å doble talet på kvinnelege toppkompetente. Sjølv om delen kvinner har auka, så har den ikkje auka så mykje som vi kunne ønske. No har Høgskulen i Volda fått éin million kroner frå Forskingsrådet til å delta i eit nettverk som skal betre kjønnsbalansen i akademia og til å utvikle eigne tiltak for å auke kjønnsbalansen.   

Forskingsadministrasjonen søkte om midlar frå BALANSE-programmet for at Høgskulen i Volda skulle få delta i prosjektet BalanseHub i perioden 2021-2022. BalanseHuben skal vere ein nasjonal møteplass der aktuelle personar ved norske forskingsinstitusjonar vert oppdaterte på nye idear, metodar og teoriar om kjønnsbalanse i akademia.

BalanseHub vil samle og dele nyttig kunnskap frå forskingsfronten, og nettverket vil vere ein arena for erfaringsutveksling mellom prosjekta som deltek. Balanse-programmet har som hovudmål å betre kjønnsbalansen i norsk forsking gjennom ny kunnskap, læring og innovative tiltak. Programmet skal støtte forskingsinstitusjonanes arbeid for kulturelle og strukturelle endringar som fremmer likestilling og kjønnsbalanse.

Forskingrådet

- Vi har mange kvinnelege førsteamanuensar som publiserer bra og som kan oppnå toppkompetanse med riktig støtte og motivasjon, seier prosjektleiar og forskingssjef Henriette Hafsaas. Balanse-prosjektet sørger for at HVO får meir framoverlente tiltak for å auke kjønnsbalansen. 

- Vi treng å involvere leiarane og å inkludere arbeidstilhøva, seier Hafsaas. Gjennom tildelinga frå Balanse-programmet og deltakinga i Balanse-nettverket vil HVO få betre kapasitet og kunnskap til å analysere utfordringane våre for å sette inn tiltak som vil ha effekt på kjønnsbalansen. Eit av hovudtiltaka vi vil nytte er å etablere eit lokalt kvinnenettverk som mellom anna skal sjå på opprykksprosessen og vise fram gode rollemodellar. Forskingsrådgivar Hildegunn Hovde vil vere koordinator for det lokale kvinnenettverket. 

Balanseprosjektet inkluderer ein stillingsressurs i 25% som skal jobbe med kjønnsbalanse i prosjektperioden. Stillingsressursen vert delt med forskingssjefen og forskingsrådgivaren.