Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO

Nettverk for kvinner innan forsking ved HVO er eit av tiltaka i høgskulens sitt NFR-prosjekt: Kvinneløftet.

Nettverket er ope for alle kvinnelege fagtilsette ved HVO, og skal bidra til å knyte band mellom kvinner på ulike trinn i karrieren, tilby kunnskap om mellom anna prosjektleiing, formidling og akademisk publisering, og korleis ein kan planlegge for eit framtidig opprykk.

Nettverk for kvinner innan forsking ved Høgskulen i Volda er organisert internt i Teams. Her finn deltakarane mellom anna informasjon om karriereplanlegging, reglement i høve opprykk, nyttige lenker og artiklar, samt informasjon om hendingar og samlingar som vert arrangert i samband med Kvinneløftet.

I nettverket vert det arrangert fire samlingar i året, der ein arbeider med ulike tiltak kring kompetanseheving og karriereplanlegging. Dette kjem i tillegg til dei andre tiltaka som Kvinneløftet arrangerer: opprykksseminar, mentorordning og skrivekurs. 

Koordinator for nettverket er forskingsrådgivar Trude Carlsen.

Arrangement i 2021:

11.februar: Fns internasjonale dag for kvinner innan forsking, avspark for Kvinneløftet

3.juni: Nettverkstreff: Foredrag med Lynn P. Nygaard (PRIO): “Academic publishing from a career and gender perspective: Supporting women on the path to professorship” 

7.oktober: Nettverkstreff: Foredrag med Linda FlugeHersketeknikker - hva er det og hvordan håndtere dem?

17.november: Nettverkstreff: Forskningsledelse v/Siv Gamlem og Wenke Mork Rogne. Påmelding her.