Digihand

DigiHand – handskriftsutvikling i digitale klasserom

Skriving og bruk av digitale verktøy er to grunnleggjande ferdigheiter i Læreplanen for Kunnskapsløftet, men spesifiserer ikkje korleis og i kor stort omfang ferdigheitene skal bli brukte. Som ein konsekvens av dette har norske klasserom utvikla ulike praksisar. I mange førsteklasser i Noreg har skulen innført nettbrett, der elevane først lærer å skrive på tastatur, for så i andre klasse å starte med handskriftsopplæringa. I andre klasserom er det fortsatt den tradisjonelle praksisen som gjeld, der elevane lærer å skrive for hand frå første skuledag, anten i kombinasjon med nettbrett eller med andre digitale verktøy. Det har vore lite forsking på fordelar og ulemper ved dei ulike praksisane, men erfaringar tyder på at elevar i begge grupper lærer å skrive for hand. I denne quasi-eksperimentelle studien vil undersøke korleis handskrifta utviklar seg blant desse to forskjellige vilkåra, og kva for undervisningspraksisar som kjenneteiknar desse to praksisane i 32 norske klasserom.

Forskningsspørsmål

  • Kva likskapar og forskjellar finst i skriftspråks- og handskriftsutvikling i dei to vikåra (utsetjing/ikkje utsetjing av handskrift første året?
  • Kva skriftspråkspraksisar kjem til syne i dei to vilkåra?

Føremål med DigHand

  • Undersøkje handskrift i digitale klasserom
  • Rekruttering av stipendiatar og masterstudentar i studien
  • Kompetansebygging i lærarutdanninga i begynnaropplæring ved å studere skriftspråkutvikling