Studer språk og litteratur i Volda!

Studer språk og litteratur i Volda!

Glad i språk eller litteratur? No kan du fordjupe deg i favorittemna dine! I Volda har vi eit brennande engasjert fagmiljø, eit nasjonalt Nynorsksenter, og ligg sentralt i Ivar Aasen-land. Jobbmessig kan språk- og litteraturfag gjere deg ettertrakta i skuleverket, og du kan vere aktuell for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor.

Vi tilbyr blant anna desse studia: 

Språk og litteratur (bachelor)

Nynorsk skriftkultur (master)

Skriftkulturar (master)

Engelsk (årsstudium)

Norsk/nordisk (årsstudium)

Studerer du språk og litteratur i Volda kan du få kunnskap om språk og litteratur både frå dei nordiske og engelske språkområda, og kunnskap om språk og kultur frå notid og fortid.

Gode grunnar til å studere språk og litteratur i Volda:

Sterkt fagmiljø: Ved Høgskulen i Volda møter du dyktige tilsette med brei kompetanse. Dei brenn for faga sine, og å dele dei med deg. 

Nynorsk: Garden til Ivar Aasen ligg ein sykkeltur unna Høgskulen, og det er sjølvsagt sterke nynorsktradisjonar i regionen. Om du høyrer til dei som sleit med nynorsk som sidemål, kan studier i Volda hjelpe deg til både å like og meistre denne vakre målforma.

Nasjonalt nynorsksenter: Nynorsksenteret ligg plassert på Høgskulen i Volda, og er nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.