Vidareutdanning (bachelornivå)
Vurdering av multimodale prosessar og produkt
Vidareutdanninga gir ei grunnleggande innføring i teori og praksis knytt til vurderingsarbeid i multimodale kontekstar i skulen.
Studieavgift 2 000 kr
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 5
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
Vidareutdanninga gir ei grunnleggande innføring i teori og praksis knytt til vurderingsarbeid i multimodale kontekstar. Det er fokus både på undervisings- og læringsarbeid i det digitale klasserommet med utgangspunkt i eit utvida tekstomgrep og arbeid med digitale tekstar, video, lyd, bilde og andre multimodale uttrykksformer.
Studiet har ei studieavgift på 2 000 kr i tillegg til semesteravgift.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Emnet er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Det er lagt opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling.
Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
