Tilpassa opplæring med digitale ressursar
Vidareutdanning (bachelornivå)
Vil du lære meir om korleis du kan variere og differensiere undervisninga med digitale ressursar?
Teknologi kan endre skulekvardagen. Bruk av digitale ressursar gir læraren større rom for variasjon, differensiering, individuelle løysingar, nivåinndeling og adaptiv læring i læringsfellesskapet.
Emnet er retta mot lærarar og pedagogar i grunnskulen som ønskjer å utvikle sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, og tek utgangspunkt i tilpassa opplæring med digitale ressursar for alle elevar i ordinær undervisning.
Studiet har ei avgift på kr 4 000 + semesteravgift.
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vår
- Opptakskrav
Lærarutdanning eller anna relevant undervisningsrelatert utdanning.
Studieinnhald
Bruk av digitale ressursar i eit læringsmiljø krev god kjennskap til eit mangfald av programvare. I tillegg krev det kunnskapar om digital dømmekraft og om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar vil difor stå sentralt. Kopling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald, samt barn og unge sin mediebruk og utøving av digital dømmekraft vert også vektlagt. Les meir i emneplan her
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling.
Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. All undervisning og eksamen er organisert nettbasert.
Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på ca. 2500 ord.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet gir lærarar og pedagogar relevant og etterspurd digital kompetanse i tilrettelegging for tilpassa opplæring for å auke elevane sitt læringsutbytte.
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vår
- Opptakskrav
Lærarutdanning eller anna relevant undervisningsrelatert utdanning.
Søknadskode : 3927