Semestre

DKL117N Tilpassa opplæring med digitale ressursar

Emnekode: 
DKL117N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Haust
Eksamenssemester: 
2026 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Med krav om tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap og digitale ferdigheiter som ei grunnleggjande ferdigheit, aukar behovet for tilrettelegging i bruk av digitale ressursar i ein stadig meir digitalisert kvardag. Bruk av digitale ressursar gir nye moglegheiter for variasjon, differensiering, individuell tilpassing, nivåinndeling og adaptiv læring i eit læringsfellesskap. Emnet tek utgangspunkt i tilpassa opplæring med digitale ressursar for alle elevar i ordinær undervisning, med særlig fokus på arbeid med grunnleggjande ferdigheiter.

Tilpassingsmoglegheitene aukar i takt med tilgangen på teknologi, digitale verktøy og ressursar. Tilrettelegging for elevane sitt læringsutbytte i eit digitalt samfunn krev ferdigheiter og kunnskapar for best mogleg utbytte av dei digitale ressursane. Dette omfattar blant anna utprøving og vurdering av digitale ressursar, samt kunnskapar om trygg og variert bruk av ressursane. I tillegg krev det kunnskapar om digital dømmekraft og om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar vil difor stå sentralt. Kopling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald, samt barn og unge sin mediebruk og utøving av digital dømmekraft vert også vektlagt.

Emnet er utvikla for å gi eit tilbod til lærarar og pedagogar i grunnskulen som ønsker å utvikle sin profesjonsfaglege digitale kompetanse med tanke på tilpassa opplæring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • oppdaterte kunnskapar om tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø
  • kjennskap til og forståing for forskning og utvikling innan tilpassa opplæring og vurdering ved bruk av digitale ressursar
  • grunnleggjande kunnskapar om barn og unge sin mediekultur i eit digitalt samfunn
  • forståing for korleis digital teknologi og digitale ressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane i læringsprosessen
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • ta i bruk eit breitt repertoar av digitale læringsressursar og varierte arbeidsmetodar, læringsaktivitetar og vurderingsformer for tilpassa opplæring til ulike elevar sine behov

  • finne, vurdere, velge og integrere bruk av digitale læringsressursar basert på didaktiske og behovsmessige betraktningar i eiget arbeid 

  • utvikle eit variert og inkluderande læringsmiljø ved bruk av digitale ressursar knytt til grunnleggjande ferdigheiter

  • gjere seg nytte av elevane sin mediekulturelle- og digitale kompetanse i læringssamanheng 

Generell kompetanse

Studenten skal 

  • forståing for tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, til dømes teoriar, problemstillingar og løysingar, både gjennom fagstoff og ved bruk av digitale ressursar 

  • ha opparbeidd seg nye erfaringar med bruk av digitale ressursar knytt til tilpassa opplæring og grunnleggande ferdigheiter som kan vidareførast til eigen praksis 

  • kunne fremme den enkelte elev si lærelyst, motivasjon og tru på eigne moglegheiter for å lære, skape, samhandle og dele i digitale omgjevnadar

  • ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse som kan bidra til skulen si utvikling i samsvar med digitale endringar i samfunnet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen). 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:
Ingen

Arbeidskrav

Vilkår for å framstille seg til eksamen er to godkjende arbeidskrav gjennom semesteret. Omfanget av desse arbeidskrava utgjer til saman ca 6000 ord eller tilsvarande i multimodale format. Studentane får tilbakemelding på arbeidskrava og skal forbetre desse fram mot eksamensinnleveringa. 

Desse oppgåvene utgjer også eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt. I eksamensmappa inngår også eit refleksjonsnotat knytt til læringsprosessen i emnet. Omfanget av innhaldet i refleksjonsnotatet og tidsramma for eksamen vil gå fram av semesterplanen. 

Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Studieavgift

Kr. 5.000,- + semesteravgift

VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Studenten skal levere ei mappe som består av revidert versjonar av arbeidskrava.
Sjå semesterplanen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust