DKL117

Tilpassa opplæring med digitale ressursar

Vidareutdanning (bachelornivå)

Vil du lære meir om korleis du kan variere og differensiere undervisninga med digitale ressursar? 

Teknologi kan endre skulekvardagen. Bruk av digitale ressursar gir læraren større rom for variasjon, differensiering, individuelle løysingar, nivåinndeling og adaptiv læring i læringsfellesskapet.

Emnet er retta mot lærarar og pedagogar i grunnskulen som ønskjer å utvikle sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, og tek utgangspunkt i tilpassa opplæring med digitale ressursar for alle elevar i ordinær undervisning.  

Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift.

 

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Studieinnhald

Bruk av digitale ressursar i eit læringsmiljø krev god kjennskap til eit mangfald av programvare. I tillegg krev det kunnskapar om digital dømmekraft og om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar vil difor stå sentralt. Kopling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald, samt barn og unge sin mediebruk og utøving av digital dømmekraft vert også vektlagt. Les meir i emneplan her

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling.

Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. All undervisning og eksamen er organisert nettbasert. 

Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på ca. 2500 ord. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet gir lærarar og pedagogar relevant og etterspurd digital kompetanse i tilrettelegging for tilpassa opplæring for å auke elevane sitt læringsutbytte.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Emnet er heildigitalt og meir informasjon vil komme i Canvas (som studentane får tilgang til når dei har registrert seg) i løpet av veke 1. 

Pensum

Pensumliste finner du her

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.

Løpande opptak

Søknadskode : 3927

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt