Vidareutdanning (bachelornivå)

Tilpassa opplæring med digitale ressursar

Vil du lære meir om korleis du kan variere og differensiere undervisninga med digitale ressursar? Då er dette vidareutdanninga for deg!

Studiet har ei studieavgift på 5 000 kr, i tillegg til semesteravgift.

 

DKL117
Start: 
Haust
Omfang: 
Deltid Nettstudium
Studiepoeng: 
15
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Emnet er retta mot lærarar og pedagogar i grunnskulen som ønskjer å utvikle sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, og tek utgangspunkt i tilpassa opplæring med digitale ressursar for alle elevar i ordinær undervisning.  

Bruk av digitale ressursar i eit læringsmiljø krev god kjennskap til eit mangfald av programvare. I tillegg krev det kunnskapar om digital dømmekraft og om barn og unge sin mediekultur. Utprøving og bruksområde for ulike digitale læringsressursar vil difor stå sentralt. Kopling mellom ressurs, læringsmål og faginnhald, samt barn og unge sin mediebruk og utøving av digital dømmekraft vert også vektlagt. 

Meir informasjon om studiet

Emnet gir lærarar og pedagogar relevant og etterspurd digital kompetanse i tilrettelegging for tilpassa opplæring for å auke elevane sitt læringsutbytte.

Pensumliste finner du her

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling.

Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. All undervisning og eksamen er organisert nettbasert. 

Emnet har to mappeoppgåver som skal vurderast og godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på ca. 2500 ord. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Emnet er heildigitalt og meir informasjon vil komme i Canvas (som studentane får tilgang til når dei har registrert seg) i løpet av veke 1. 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande.