Vidareutdanning (bachelornivå)

Religion, livssyn og etikk - opne emner, nettstudium

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Kompetanse i religion, kultur, livssyn og historie er aktuelt og etterspurd i samfunnet. I skulen, i kyrkja, innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle denne kunnskapen.

Studiet har ei avgift på kr 16 000 (kr 4 000 pr.emne) + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4140

Info og frister

Varigheit Inntil 4 semester (2 år)

Studiepoeng 60

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet gir deg kunnskap om og forståing for religiøse tekstar, om historia til kristendommen og andre religionar og livssyn, og om korleis desse tradisjonane står fram i dag. Det er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • REL 111N-AVG Bibelen – tekst og tolking
  • REL 112N-AVG Religion og livssyn
  • REL 113N-AVG Tru og tradisjon
  • REL 114N-AVG Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar, kunnskapsprøver og innleveringar. Fristar for innlevering av oppgåver og plan for utlegging av leksjonar vert kunngjort ved semesterstart. Kontakt mellom student og faglærarar skjer på Canvas.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og i RE-faget i den vidaregåande skulen. Vidareutdanninga er også aktuelt for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og i kyrkja.

Emna i studiet gir grunnlag for opptak til RLE fordjupingsstudium. 

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Bente Afset

Studieplan

Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk, opne emne m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse

Om studiet: 

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Vidare gir studiet innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i nettstudiet i Reliigon, livssyn og etikk kan innpassast i ulike bachelorgrader. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer studiet for undervisning i KRLE på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Ver merksam på at frå hausten 2019 vil det bli krevd masterutdanning for å få opptak til PPU. 

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 
  • grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
  • grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
  • kunnskap om religionsfaget i norsk skule
Ferdigheiter: 
  • analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttryk
  • evne til å reflektere sjøvstendig over religionsfaglege spørsmål
  • kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg og munnleg
Generell kompetanse: 
  • Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng
  • Studenten har grunnleggjande digital kompetanse
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og kontakt med faglærarar, undervisning, arbeidskrav og leksjonar foregår i Canvas.

Navn: 
Religion, livssyn og etikk, opne emne, nettstudium, oppstart haust
Praksis: 

Det er ikkje knytt praksis til dette studiet.

Kostnader: 

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 16 000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Ansvarleg: 
Bente Afset tlf. 70075107 e-post ba@hivolda.no