Religion

Religion, livssyn og etikk, nettstudium

Fordjupingsstudium

Kunnskap om mangfaldet innanfor religion, kultur og livssyn er viktig og aktuelt i vår tid.

Kompetanse på dette fagfeltet er først og fremst etterspurd i skulen og i kyrkja. Men også innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar om og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle dette.

Fordjupning  i religion og livssyn tar føre seg dagsaktuelle og historiske emne, t.d. spiritualitet, nyreligiøsitet, livssynsdebatt og livssynmangfald. Studiet omfattar også ei større oppgåve som du skriv innanfor eit sjølvvald emne i religion og livssyn.

  • Deltid, Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2023 -
  • Opptakskrav

    Årsstudium i religion, livssyn og etikk (60 eller 50 studiepoeng i KRL/RLE) eller tilsvarande.

Studieinnhald

Studiet har eit obligatorisk og eitt valfritt emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Obligatorisk emne: Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn
  • Valfritt emne: Livssynmarknad og livssynsdebatt (haust) eller Spiritualitet før og no (vår)

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar og innleveringar. Plan for utlegging av leksjonar og fristar for innlevering av oppgåver vert kunngjort ved semesterstart. Les meir om arbeidskrav, vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet kompetanse i undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og RE-faget i den vidaregåande skulen. 

Studiet kan godskrivast i Bachelor i religion og kultur ved Høgskulen i Volda.

  • Deltid, Heiltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust vår
    Søknadsperiode 01.02.2023 -
  • Opptakskrav

    Årsstudium i religion, livssyn og etikk (60 eller 50 studiepoeng i KRL/RLE) eller tilsvarande.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4235 (heiltid/deltid)

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt