Fordjupingsstudium

Religion, livssyn og etikk, fordjupningsstudium, nettstudium

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Kunnskap om mangfaldet innanfor religion, kultur og livssyn er viktig og aktuelt i vår tid. Kompetanse på dette fagfeltet er først og fremst etterspurd i skulen og i kyrkja. Men også innanfor helsesektoren, i media og andre offentlege og private samanhengar trengst menneske som har kunnskapar om og innsikt i religions- og livssynsspørsmål, og som har dugleik i å formidle dette. Studiet har ei avgift på kr 8000 + semesteravgift.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4235 (heiltid/deltid)

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 30

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Studiet har eit obligatorisk og eitt valfritt emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Obligatorisk emne: Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn
  • Valfritt emne: Livssynmarknad og livssynsdebatt (haust) eller Spiritualitet før og no (vår)

Det valfrie emnet må takast før eller parallelt med fordjupingsoppgåva.
Du kan ta emna på heiltid (eit semester) eller deltid (to semester)

Opptakskrav

Årsstudium i religion, livssyn og etikk (60 eller 50 studiepoeng i KRL/RLE) eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og organisert etter ein fastlagt kalender for leksjonar og innleveringar. Plan for utlegging av leksjonar og fristar for innlevering av oppgåver vert kunngjort ved semesterstart. Les meir om arbeidskrav, vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet kompetanse i undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og RE-faget i den vidaregåande skulen. Det kan innpassast i ulike bachelorgradar, til dømes Bachelor i religion og livssyn ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Knut-Willy Sæther

Studieplan

Religion, livssyn og etikk, fordjuping nettstudium

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk, fordypningsstudium, nettstudium med avgift
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Deltid
Opptakskrav: 

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk eller tilsvarande

Om studiet: 

I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Studiet består av eit valfritt emne (REL206N-AVG eller REL207N-AVG) og eit obligatorisk (REL212N-AVG) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 
  • har utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk
Ferdigheiter: 
  • har evne til å tileigna seg ny kunnskap innan fagområdet
  • kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
Generell kompetanse: 
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar skriftleg
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringer med andre med bakgrunn innan fagområdet
Organisering og arbeidsmåtar: 

REL212N-AVG kan takast både i haust- og vårsemesteret.

Navn: 
Religion, livssyn og etikk, fordjuping nettstudium, oppstart haust
Emne2018 Haust2019 Vår
1515
NB! REL212N-AVG kan takast både i haust- og vårsemester
Valemne
 
15
 
15
Navn: 
Religion, livssyn og etikk, fordjuping nettstudium, oppstart vår
Emne2019 Vår2019 Haust
1515
NB! REL212N-AVG kan takast både i vår- og haustsemester
Valemne
 
15
 
15
Kostnader: 

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 8 000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Knut-Willy Sæther. tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no