Programmering, 5.-10. trinn (nettstudium)

Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 5.-10. årssteg. Vi fokuserer på korleis ein skal introdusere og gjennomføre variert programmeringsundervisning. Studiet har difor innhald både om algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, blokkbasert programmering og tekstbasert programmeringsspråk. Ein jobbar med ulike typar utstyr, som Micro:bit eller andre mikrokontrollerar/robotar studenten har tilgjengeleg, og vi hevar blikket og ser på programmering i eit samfunnsperspektiv.

Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR)

  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 01.03.2023
  • Opptakskrav

    Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvararande.

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er med andre ord ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. 

Studentane skal levere ei vureringsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga gir etterspurd kompetanse i programmering og didaktikk til lærarar for bruk i ulike fag på 5.-10. årssteg. 

Studieplan

Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)
 

Om studiet

Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. 

I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag. 

Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen, med fordjuping i verktøy og metodar relevante for 5.-10.trinn.  Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuelle og tekstbaserte programmeringsspråk. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.   

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i skulen. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten 

  • har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skule og samfunn 
  • har grunnleggjande forståing for algoritmar, algoritmisk tenking, grunnleggande element i programmering og programmering som prosess 
  • kan gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuell programmering, tekstbasert programmering og overgangen mellom desse. 
  • kan gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • utforme algoritmar som flytskjema, pseudokode, i visuelle og tekstbaserte språk 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon 
  • utvikle prototypar med mikrokontroller  
  • planlegge, gjennomføre, vurdere og evaluere undervisning knytt til programmering  
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering  
  • bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven 
  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.  
  • reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag
Organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, relatert til læraren sin kvardag. Studiet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, ulike typar læringsressursar, øvingar, samarbeid og individuelle oppgåver. 

Studiet er nettbasert og det er ikkje krav om fysisk oppmøte. I kvart delemne (haust og vår) er det to (2) obligatoriske arbeidskrav som må leverast for å få avlegge eksamen. Eksamensforma er mappevurdering, beståande av vidareutvikla versjonar av dei to arbeidskrava. 

Navn: 
Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart. 

Ansvarleg
Torbjørn Frantsen T: 70075369 E: torbjorn.frantsen@hivolda.no
  • Deltid, Nettstudium
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 01.03.2023
  • Opptakskrav

    Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvararande.

  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 4203

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt