Perspektiv på barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
Vidareutdanning (masternivå)
Studiet skal gi kunnskap om teoretiske og juridiske perspektiv i barnevernet sitt arbeid med barn, unge og familiar i utsette livsposisjonar/situasjonar.
Du skal mellom anna få kunnskap om ulike perspektiv på barn og unge si utvikling, og korleis ulike former for omsorgssvikt påverkar barn og unge sine livssjansar. Det vert også sett fokus på korleis sosiale og kulturelle forhold har betydning for barnevernet sitt arbeid.
Les meir om emnet i emneplanen.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
- Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
- Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.
- Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar. I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. Det vert lagt opp til studentaktivitet både i og mellom samlingane, der studentane vert motivert til refleksjon både individuelt og i grupper. Samanhengen mellom teoretiske perspektiv og utøving av barnevernarbeid er sentralt.
Mellom samlingane skal studentane jobbe med oppgåveløysing og eigenstudiar, individuelt og i grupper.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet inngår i Master i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Emnet er organisert med 3 samlingsveker. Tysdag, onsdag og torsdag er undervisningsdagar med fysisk oppmøte. Måndag og fredag er studiedagar, der studentane får digitale opplegg i Canvas.
Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte er tysdag 20. august 2024. Samlinga startar kl 09:15 på BK157 (Berte Kanutte-huset).
- Samling 1, veke 34: tysdag 20/08 - torsdag 22/08 - 2024
- Samling 2, veke 39: tysdag 24/09 - torsdag 26/09 - 2024
- Samling 3, veke 44: tysdag 29/10 - torsdag 31/10 - 2024
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
- Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
- Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.
- Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden
Søknadskode : 4405