Leiing og personalutvikling
Vidareutdanning (masternivå)
I vidareutdanninga vert teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Studiet er delt i tre tema som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start haust
- Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.).
Studieinnhald
Studentane skal gjennom studiet utvikle:
- Heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
- Kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
- Praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling
- Evne til sjølvstendig refleksjon og læring
Les meir om emnet her
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at du driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Du får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar og førelesingar vert lagt ut. Canvas vert også brukt til oppgåveinnlevering og kommunikasjon med faglærar og medstudentar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir aktuell kompetanse til leiarar innanfor offentleg og privar sektor. Det kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller inngå som valfritt emne i master i Samfunnsplanlegging og leiing og master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar i haustsemesteret. Organisert undervisning vert gitt tysdag til og med fredag.
Første samlinga tek til tysdag 5. september, kl 09.15 - 15.30 i Aasen auditorium.
- Samling 1: veke 36 (5. - 8. september, 2023)
- Samling 2: veke 41 (10. - 13. oktober, 2023)
- Samling 3: veke 46 (14. - 17. november, 2023)
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start haust
- Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.).
Søknadskode : 4334