Innføring i arealplanlegging og GIS (geografiske informasjonssystem)
Vidareutdanning (bachelornivå)
Emnet gir ei innføring i arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og vil ha eit spesielt fokus på teoretisk og metodisk innføring i GIS som planverkty. Konkrete arealplanar og arealplanprosessar vert brukt i undervisninga for å halde eit praksisnært fokus i emnet.
Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide med arealplanfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å studere vidare i eit planorientert masterstudium hos oss ved HVO eller ved annan institusjon.
- Deltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2023 -
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Studieinnhald
Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.
Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisinga i emnet går over eit semester. Undervisninga er lagt opp med leksjonar, oppgåveinnlevering og kommunikasjon på e-læringsverktyet Canvas. I tillegg til førelesingar er det ei økt på 4 t på datalab stort sett kvar veke der ein får hjelp til å gjennomføre praktiske øvingar. Arbeidskrav vert utforma som øvingar i kombinasjon med fagtekstar på omlag 1200 ord (+/- 10%) som skal løysast individuelt. Arbeidskrava utgjer mappeeksamen. Les meir om arbeidskrav, villkår for å framstille seg til eksamen og eksamen i emneplanen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide med arealplanfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å studere vidare i eit planorientert masterstudium hos oss ved HVO eller ved annan institusjon.
- Deltid
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2023 -
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Søknadskode : 3931