Vidareutdanning (bachelornivå)

Grunnleggande innføring i leiing

Studiet skal gi deg kunnskap om og forståing for grunnleggande tema og problemstillingar om leiing og leiararrolla i verksemder.

Administrasjon og planlegging
Start: 
Vår
Omfang: 
Deltid
Studiepoeng: 
15
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.11.2026

Studiet har løpande opptak.

Du får mellom anna innføring i personalleiing med aktuelle relevante problemstillingar. Personalleiing blir knytt opp til den norske arbeidslivsmodellen og tematikkane i emnet blir gjennomgått i leiingsperspektiv, organisasjonsteoretisk og arbeidsrettsleg.

Emnet inngår i Bachelor i PR, kommunikasjon og media og Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing.

Våren 2026 vil undervisninga vere nettbasert. Studiet har ein fast oppstartdato og du vil få tilgang til videoleksjonar med øvingar om lag 1 gong i veka, som du kan sjå når det passar deg. Du vil få tilbod om rettleiing og fagleg oppfølging undervegs i studiet. Sluttvurderinga i emnet er ein digital individuell heimeeksamen. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom førelesingar, diskusjon, oppgåveløysing og individuelt arbeid. Detaljar vil gå fram av semesterplanen.  Du kan sjølv velje målføre i ditt eige innleverte arbeid.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet inngår i Bachelor i PR, kommunikasjon og media og Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing.