Vidareutdanning i dokumentarproduksjon innan film og podkast er retta mot deg som har erfaring frå arbeid i mediebransjen og ønskjer formell kompetanse innanfor mediefag. Studiet gir kunnskap om dokumentarproduksjon og historieforteljing i lengre format.
Dersom du jobbar i ein redaksjon og har eit prosjekt du ynskjer å gjennomføre, samtidig som du får fagleg utvikling og studiepoeng, kan dette vere det rette for deg. Du kan utvikle og gjennomføre produksjonen din og publisere den i eigen redaksjon som ein del av denne vidareutdanninga. Utdanninga er også midt i blinken for deg som er ute etter fagleg påfyll og formell kompetanse, men som nødvendigvis ikkje jobbar i ein redaksjon i dag.
Innblikk i studiekvardagen
Har du en drøm om å dykke dypere i noe og lage en dokumentar ut av det? Enten du jobber i en redaksjon og vil publisere den der eller har et prosjekt du bare vil realisere – ligger det en super mulighet klar for deg nå!
Vis mer
Har du en drøm om å dykke dypere i noe og lage en dokumentar ut av det? Enten du jobber i en redaksjon og vil publisere den der eller har et prosjekt du bare vil realisere – ligger det en super mulighet klar for deg nå!
Det kan være vanskelig å finne og sette av tid til prosjekter som går litt dypere – det kjenner nok mange i redaksjoner rundt om i landet seg godt igjen i. Med Videreutdanning i dokumentarproduksjon, ny læring og studiepoeng som motivasjon og grunn, er det nå en god anledning til å gjøre nettopp det. Utdanninga er også midt i blinken for deg som er ute etter faglig påfyll og formell kompetanse, men som nødvendigvis ikke jobber i en redaksjon i dag.
Undervisning fra de beste og stipend
Utdanninga er praktisk rettet og studentene lager to produksjoner i løpet av videreutdanningen. I første semester skal produksjonen vere en kort dokumentarfilm på ca 10 minutter. I andre semester kan de velge mellom å lage dokumentarfilm eller podkast og formatet er inntil 30 minutter.
Undervisning og rettleiing vert gjennomført av dyktige tilsette ved Høgskulen i Volda med bakgrunn frå journalistikk og dokumentar. Det vil også bli engasjert gjesteførelesarar som til dagleg jobbar med dokumentarproduksjon og har spisskompetanske på sitt fagfelt innanfor dokumentarproduksjon.
Du vil jobbe med utvikling av ein produksjon frå ide til ferdig prosjekt og får erfaring med alle ledd i ein produksjon mellom anna ideutvikling og research, produksjonsplanlegging, etiske vurderingar, historieforteljing og dramaturgi, klipp og etterarbeid.
I første semester får du ei innføring i dokumentarsjangeren, med fokus på forteljarteknikk og dramaturgi, korleis du kan researche frem ei dokumentarforteljing og planlegge opptak, samt etiske problemstillingar.
Gjennom ein kort produksjon mot i slutten av semesteret får du erfaring med å utvikle dine eigne dokumentaridear til gjennomførbare prosjekter med tydelig narrativ og visuell stil.
I andre semester består hovuddelen av emnet i at du utviklar ein lengre eksamensproduksjon innanfor video eller lyd (podkast). I dette semesteret vil samlingar og rettleiing vere knytt til det praktiske arbeidet produksjonen din.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og minst 60 stp. innanfor mediefag. Ved særleg lang relevant erfaring, kan realkompetanse vurderast.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vil vere 2-3 samlingar per semester ved Høgskulen i Volda, i det nye mediebygget. Rettleiing med faglærar vil vere digital.
Studieplan
Dokumentarproduksjon - vidareutdanning
Studieprogram:
Dokumentarproduksjon - vidareutdanning
Studienivå:
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
20
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
60 stp i mediefaglige emner. Realkompetanse kan også gi grunnlag for opptak.
Om studiet
Vidareutdanning i dokumentarproduksjon er ei samlingsbasert utdanning for studentar som har noko erfaring frå arbeid i mediebransjen og/eller har minimum 60 stp i mediefag. Utdanninga har fokus på fagleg fordjuping i dokumentar og historieforteljing i lengre format.
Studiet gir ei teoretisk og praktisk innføring i sjangrar og arbeidsmetodar i dokumentar. Undervisning og rettleiing er ved tilsette med bakgrunn frå journalistikk og dokumentar, og ved gjesteforelesarar som til dagleg jobbar med dokumentarproduksjon og har spisskompetanse på sitt fagfelt innan dokumentarproduksjon. Studentane får erfaring med å utvikle ein produksjon frå idè til ferdig prosjekt og får gjennom dette kunnskap om mange ledd i ein produksjon, mellom anna idèutvikling og research, produksjonsplanlegging, etiske vurderingar, historieforteljing og dramaturgi, klipp og etterarbeid.
Læringsutbytte
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Kunnskapar
Kandidaten skal ha
kunnskap om arbeidsmetoder innan dokumentar
kunnskap om dramaturgi og forteljarteknikkar
kunnskap om ulike format innan dokumentar
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne
gjere research og ideutvikling som gir grunnlag for gjennomførbare dokumentarprosjekt
produsere ei dokumentarisk historie ved hjelp av video og/eller lyd
reflektere over eiga fagleg utvikling
Generell kompetanse
Kandidaten skal
kunne planleggje og gjennomføre prosjekt som strekkjer seg over tid
ha innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
kunne evaluere og analysere eige og andre sitt arbeid
Organisering og arbeidsmåtar
Vidareutdanninga er samlingsbasert ved Høgskulen i Volda, og undervisninga består av forelesingar, rettleiing (tilbod om digital rettleiing) og sjølvstendig arbeid.
Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knyttet til emnet jfr. "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda", §4-6. For å kunne fremstille seg til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltakelse på minimum 80% av undervisning og organisert arbeid i emnet.
Studentane må i hovudsak kunne stille med eige teknisk utstyr som kamera eller lydopptaker. I særskilde tilfelle er det mogleg å låne utstyr av høgskulen. Studentane bør ha grunnleggande kompetanse i det utstyret dei skal bruke til dokumentarproduksjonane.