Terapi i naturen

Tekst: , Foto: Tekst: Victoria Røren

- Oppdatert

Andreas Knotten Løvhaug er utdanna murar, men har også ei bachelorgrad i friluftsliv og no studerer han til å bli barnevernspedagog. Denne utdanningskombinasjonen ønsker han å bruke for å kunne tilby behandling i naturen.

– Eg har ein draum om å starte eit behandlingstilbod gjennom friluftsliv og gardsdrift. Personlig meiner eg at naturen er ein kjempebra arena for behandling innan sosialt arbeid. Planen er å utforme eit tilbod som tilbyr gruppesamarbeid, meistringskjensle og aktivitetar som kan vekke konstruktive interesser hjå deltakarane. Interesser som er sunne og kanskje etablerer nye vennenettverk for deltakarane kan ofte vere naudsynt for å oppnå endring i den destruktive livsstilen.

Andreas er halvt sunnmøring og halvt austlending. Han vaks opp på Austlandet men minnast godt somrane på Sunnmøre. Somrane på garden til grandtanta Hjørdis la eit grunnlag som Andreas skulle kome til å hauste mykje nytte av i framtida.

Aktivitetar vi ikkje hadde på Austlandet

– Eg trur interessa for friluftsliv eigentleg kom litt av seg sjølv på grunn av familia mi her på Sunnmøre. Tanta til faren min, Hjørdis, budde på eit primitivt lite småbruk utan innlagt vatn. Levestandarden var rett og slett ikkje av det mest moderne. Både eg og min bror var på besøk med denne heilt rå dama kvar einaste sommar. Ho var veldig flink til å ta oss med i fjellet, på fiske og sysselsette oss med aktivitetar vi vanlegvis ikkje hadde tilgang til på Austlandet.

I tenåra endra det seg litt. Andreas vart meir interessert i det urbane og blei sterkt påverka av bylivet. Han blei som han sjølv omtala til ein ”bygutt”. Han tok også etter kvart fagbrevet som murar. Men måtte avslutte denne arbeidskarrieren då knea ikkje tålte meir.

 

 

Andreas Løvhaug

Telt, fiskestang, bål og kos erstatta ”vernisage”, rave og graffiti

– ­Heldigvis kom det ein dag der eg vart drit lei av å leve eit liv eg kallar for ”fastlife”. Interessa for elleville festar, lange netter og aktivitetar som kan omtalast som galskap, avtok. Samstundes auka interessa meir og meir for marka rundt Oslo og det som kan kallast lavterskelfriluftsliv.

Etter ein forholdsvis tung tur i Jotunheimen kom Andreas og ein kompis tilbake til sivilisasjonen og mobildekning. Det hadde tikka inn ei melding med svar om studieplass på Andreas sin mobil.

–  Takka vere turane på Sunnmøre saman med Hjørdis og onkelen min, hadde eg valt å søke meg inn på eit årsstudium i friluftsliv ved Høgskulen i Volda. I meldinga som eg las etter turen i Jotunheimen stod det at eg hadde kome inn på studiet. Eg stod dermed ovanfor eit val som innebar at eg måtte flytte 550 km vekk frå vennar og familie. Starte heilt på nytt, godt opp i tjueåra, i Volda. Plassen med eit studenthus og berre ein bar. Ein ting er sikkert: Eg har ikkje angra eit sekund!

Fantastisk klassemiljø

– Det første året ved Friluftsliv førte til at eg valte å fortsette i to år til. Eg synest det var eit heilt fantastisk klassemiljø som var veldig inkluderande uansett kva bakgrunn ein hadde med seg.

Andreas sit ikkje igjen med berre minner frå solskinsdagar i Sunnmørsalpane og idylliske dagar på Ytste skotet, men også erfaringar frå ekstremver på Svalbard og betre kjennskap om sine eigne grenser.

– Det vide spekteret av både opplevingar og kunnskap har gitt meg utruleg mykje. Det har ført til at eg kjenner meg sjølv langt betre enn tidlegare, og at eg i større grad er i stand til å ta livsviktige avgjersler når eg ferdast i farleg terreng saman med andre som kanskje ikkje er like vant til å ferdast i naturen.

Etter tre år på Friluftsliv og Naturguideutdanninga valde Andreas å fortsette på ein bachelor som barnevernspedagog.

– Dette såg eg på som nødvendig for å realisere dei framtidsplanane eg hadde lagt.

Framtidsplan

Allereie under første året på friluftsliv vart karriereplanen spikra. Han ville drive med behandling ved hjelp av friluftsliv. Då var det litt utradisjonelle valet om å gå vidare på barnevernspedagog, etter ein bachelor i friluftsliv, avgjerande for å kunne ha den utdanningskombinasjonen som skulle til for å realisere karrieredraumen.

– Eg har veldig tru på at det å kombinere behandling i natur med aktivitetar gir positiv effekt for mange. Eg meiner at ”friluftslivsterapi” har veldig mange gode sider å by på. Ein blir etter mi meining meir skjerma for freistingar som til dømes kriminalitet, rus og negative miljø. Eg trur at kombinasjonen av samtaleterapi, turar og forskjellige aktivitetar i naturen som fører til meistringskjensle, i stor grad kan vere med på å skape ny identitet for brukaren. Det kan også vere med på å skape konstruktive interesser og positive nettverk.

 

Del på