Side Brok opnar Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

I morgon opnar Bård og Knut frå Side Brok Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Dei presenterer festivalsongen ved den offisiell opning av dokumentarfilmfestivalen i Volda Filmteater klokka 12.00.

FotoHeadSpinFotoHeadSpin2FotoHeadSpin3

Ein får også oppleve Side Brok i Volda samfunnshus torsdag kveld. Då vil Bård og Knut snurre plater med varierande elektroniske rytmar.
Etterpå held Funky Butt konsert på Det grøne treet. Funky Budd spelar ei unik blanding av gamal og særeigen New Orleansjazz med ein ungdommeleg frisk stil frå klokka 21.30.

Prøvesmaking i dag

Sjølv om den offisielle opninga av festivalen ikkje går av stabelen før i morgon, skjer det ting også i dag. Det vert arrangert dokumentarkortfilmkonkurranse med elevar frå fleire vidaregåande skular i distriktet, og frå klokka 18 og utover kvelden kan du få med deg årets aller første smakebitar frå programmet.

Les meir om programmet på www.dokfilm.no

Del på: