Ope hus hos dramastudentane
Torsdag 27. november fekk teaterinteresserte voldingar høve til å oppleve ei rekkje flotte eksamensførestillingar som dramastudentar ved Avdeling for lærarutdanning står bak. Dei flinke studentane imponerte med dyktig spel, effektiv scenografi og funksjonell bruk av lyd og lys. Blant publikum var det også elevar frå barneskulane i Volda.
Programmet for dagen såg slik ut:
Kl.10.00:
Den store vingejakten - Dukketeater 30min
Kl.11.00:
Blå jul - 25min
Snikende nisse - skjult engel - 25min
Kl.12.15:
Finnes det engler? - 25min
Prinsen som ingen kunne målbinde - 20min
Under ser ein bilde frå stykket ”Finnes det engler”. Stykket er utarbeida etter ein idé av Camilla Wallenius Mork som også spelar karakteren Caroline som vaksen. I korte trekk handlar stykket om at julehøgtida slett ikkje treng å vere ei lykkelig tid for alle. Unge Caroline, som opplever ei traumatisk førjulstid, får trøyst og selskap av ein engel…
Camilla Wallenius Mork
Unge Caroline (Margareth Knudrun Nessa) dansar med engelen (Marie Kvernmo).
Ikkje ein lyd å høyre frå elevane frå Øyra barneskule.