Live-produsent i VGTV

Tekst: , Foto: Nora Thorp Bjørnstad

- Oppdatert

Han var i Sotsji for å dekkje Sjakk-VM, og sende frå taket på VG-huset under Fotball-VM. Tidlegare mediestudent Chris-Håvard Berge er ikkje i tvil om at eit stort frivillig engasjement bidrog sterkt til at han fekk jobben som live-produsent i VGTV.

At eg hamna i studiebygda Volda, var eigentleg tilfeldig. Eg studerte media og kommunikasjon på vidaregåande og hadde ein lærar som snakka varmt om Volda og studiemiljøet der. Elles visste eg lite om Volda før eg kom dit bortsett frå at medieutdanningane og lærar­utdanningane hadde eit godt rykte. Det var sjølvsagt litt uvant å flytte frå «storbyen» Bergen til vesle Volda, men samtidig veldig deilig. Med nesten 2000 studentar på ein så liten plass blei studentmiljøet mykje tydelegare enn ein skulle tru.
 

All ledig tid til produksjon 

Interessa for å jobbe med både foto, film og web­utvikling gjorde at valet fall på bachelor i Media, IKT og design (MID).

– Studiet er svært variert, med både foto­grafering, kortfilm­produksjon, web­utvikling, design og fleirkamera­produksjon. MID er praktisk retta, noko som passar godt for meg. Lærarane er utruleg dyktige og stiller opp slik at ein kan få låne utstyr på fritida for å kunne øve og produsere også utanfor skuletida.

Chris-Håvard fann karrierevegen i emnet Fleirkamera- og eventproduksjon andre studieåret.

– Dette var eit emne som passa meg perfekt, og etter det visste eg at eg skulle jobbe med fleirkamera- og live-produksjon. Eg brukte alle studie­kroner eg hadde til overs på innkjøp av eige fleirkamera­utstyr, og brukte all ledig tid til å produsere alt frå konsertar på studenthuset Rokken til å streame eit radioshow frå ein hage. Eg brukte siste halvåret i studieløpet på å arrangere og produsere Maifesten saman med ein vennegjeng. Maifesten var ein eventproduksjon med utescene, artistar og full videoproduksjon både til storskjerm og livestream.

 

Frivillig engasjement 

Som student i Volda har Chris-Håvard vore innom omtrent alt av relevant frivillig arbeid innan media. Han takka mellom anna nei til praksisplass i Oslo siste semesteret for å vere produksjonsansvarleg for vinterekstremsport­festivalen X2 i Volda.

– Det å engasjere seg i ulike verv i Volda gir utruleg god erfaring ved sida av studiet. Første halvår var eg med i styret både i Student-TV og i Studentavisa Peikestokken. Mitt andre år prioriterte eg Student-TV, der eg brukte så å seie all fritid. Mine to siste år var eg med i styret i Studentsamfunnet i Volda som teknisk ansvarleg. Det har gitt meg mykje teknisk kompetanse, som eg får bruk for kvar dag i arbeidslivet. Eg har også vore involvert i ulike festivalar, både som produksjonsansvarleg for X2 Festivalen to år, og i styret i VEKA dei to siste åra.
 

Gode minne 

– Kvifor eg har brukt tid på dette? Fordi det er utruleg givande, spennande og artig! Ein blir godt kjend med dei ein jobbar frivillig saman med, ein får unik arbeidserfaring og gode minne. Nokre av mine beste kameratar har eg blitt kjend med gjennom frivillig arbeid på Studenthuset Rokken. Alt engasjementet har også bidrege sterkt til ein fantastisk jobb i VGTV.
 

VGTV

– Jobben dukka opp litt uventa. Etter tips frå tidlegare Volda-studentar i VGTV blei eg rind opp i samband med stillinga. Eit par dagar seinare flaug eg til Oslo for å snakke med dei, og to veker etterpå fekk eg kontrakttilbod til­sendt.

Chris-Håvard jobbar i hovudsak med dei litt større live-produksjonane i VGTV, i tillegg til å jobbe med sendingar på huset.

– Eg var for eksempel i Sotsji i samband med sjakk-VM og jobba med å sende livesignal til sjakksendingane i Oslo. Fotball-VM var det første prosjektet eg var med på, med sending kvar dag frå taket på VG-huset i Akersgata.

Etter nokre månader i jobben har Chris-Håvard lært at det ikkje er noko som heiter ein normal arbeidsdag innanfor nyheitsformidling.

– Plutseleg skjer det noko, og heile dagen blir snudd på hovudet. Det mest utfordrande er når forholda er vanskelege og teknikken ikkje spelar på lag. Men desto kjekkare er det å finne kreative løysingar som får live-bilda fram!

Del på