Grenselause moglegheiter

På eit nasjonalt seminar om internasjonalisering i Trondheim denne veka fekk vi presentert ei rekkje nye internasjonale program, fortel internasjonal koordinator ved Høgskulen i Volda, Cecilie Wilhelmsen. Det er grenselause moglegheiter for både studentar, lærarar og forskarar til å kome seg ut i verda.

Det var SIU (Senter for internasjonalt universitetssamarbeid) som arrangerte konferansen. SIU vart etablert som forvaltningsorgan under Utdannings- og forskingsdepartementet 01.01.2004. Programdrifta, som alltid har vore SIUs fundament, vert vidareført og fleire nye oppgåver er blitt overført eller er under overføring til organisasjonen.

Marie Curie-stipenda

- For forskarar kan eg spesielt nemne Marie Curie-stipenda som er ein del av EU's 6. rammeprogram og som er opne for alle fag. Har du utferdstrong, er ein smule nysgjerrig og ønskjer å forske i eit internasjonalt miljø, bør du bli kjent med Marie Curie Actions.

Det skal bli lettare for forskarar å krysse grensene i Europa, og papirarbeidet på førehand skal reduserast kraftig. Meir informasjon finn du m.a. på flg. nettstader:

http://europa.eu.int/mariecurie-actions

http://mc-opportunities.cordis.lu

http://europa.eu.int/eracareers

Nytt

Per Magnus Kommandantvold frå Norsk Forskingsråd la vekt på at det er tallause moglegheiter frå stipendiatar og fagleg tilsette innan dei ulike mobilitetsprogramma. For Høgskulen i Volda gjeld det også å bli endå dyktigare i å informere om dei ulike programma for alle grupper, frå studentar til tilsette.

Frå 2007-2013 kjem det eit nytt program som erstatning for Socrates og Leonardo. Det nye programmet vil ha ei 4-dobling av budsjettet og omfatte Comenius (barnehage/skule) - Leonardo (yrkespraksis) - Eramus (student- og lærarmobilitet) - Grundtvig (vaksenopplæring) og ulike tverrgåande prosjekt som t.d. språk og IKT. I dette nye programmet kan t.d. tilsette vere ute inntil eitt år. Når det gjeld talet på Erasmus-studentar er ambisjonsnivået skyhøgt: ein satsar på 375.000 Erasmus-studentar årleg! Vårt mål er ca. 300 studentar ut/inn, mange av dei Erasmus-studentar.

Fokus for seminaret var altså utdanningssamarbeid i Europa. Etter initiativ frå Finland har SIU sagt ja til å vere med på å organisere eit kontaktseminar for norske og finske utdanningsinstitusjonar i Helsinki i januar 2005. Finland er eit spanande land å samarbeide med, og eit av dei mest populære landa, relativt sett, innan Erasmus-programmet. Det er difor eit tankekors at norske studentar og institusjonar ikkje ser ut til å ha oppdaga kva Finland har å tilby. Cecilie har meir info om seminaret!

tromso_1

SIUs nye direktør Gunn Mangerud og internasjonal koordinator i Harstad Sigrid Ag

Del på: