Friluftslivstudentar på tur i Hjørundfjordfjella
Friluftslivslærar Stig Løland ved Seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda og studentar ved Fordjupingsstudiet i friluftsliv fekk seie kva dei meinte om kle og utstyr på tur, då NRK tok dei att i Hjøundfjordfjella.
– Mange fokuserer på å ha siste skrik av utstyr, men eg tenkjer at det du har mellom øyrene er viktigare enn det du har på kroppen, understreka friluftslivlærar Stig Løland då han vart intervjua av NRK i bratte Sunnmørsalpar.
– Utstyret vårt er ofte knytt til ny mote, men mykje av det gamle er bra og kanskje vel så bra, sa student Julie Weyde.
Sjå heile innslaget frå Hjørundfjorden på NRK.no
Les meir om studia i idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda