60 000 kroner til tillitsvalde
- Studenttinget i Volda (STIV) har fått 60 000 kroner for å arrangere samling for dei klassetillitsvalde, fortel infromasjonsansvarleg Tone Fridén i STIV. Leiinga ved Høgskulen gjekk samla inn for denne storsatsinga.
– Vi meiner dei tillitsvalde har ei viktig oppgåve ved skulen og ynskjer med dette å støtte opp om arbeidet, seier høgskuledirektør Jakob Kjøde.
Studenttinget i Volda har allereie arrangert samlinga ”Triks og Knep – samling for tillitsvalde” dette semesteret, og dei om lag 20 oppmøtte var igjennom både kurs i ”Korleis få det som du vil” og HVO-hinderløype før det heile vart avslutta med ein sosialiseringskonkurranse. Det beste forslaget for korleis ein kan lage eit sosialt arrangement for si klasse vart premiert, og vinnargruppa kan teste ut sitt eige vinnarforslag på eit av Volda sine utestader medan dei bruker opp gåvekortet på 500 kroner. Resten av dei knappe 150 ideane vert lagt ut på nettstaden til STiV.
- Vi ynskjer å lage ein ressursside på nettstaden vår der alle tillitsvalde kan få fleire tips og knep til korleis ein kan fungere godt i vervet sitt. Vi kjem til å prioritere dette arbeidet i tida framover seier informasjonsansvarleg i STiV, Tone Fridén.
Studenttinget i Volda har nyleg hatt val på styremedlem, og Anette Aune Hauge er valt inn i det heilt nye vervet som kontaktansvarleg. Ho er den som er ansvarleg for kontakt med tillitsvalde og er også den som skal drive STiV sitt Supertillitsvalgt-program.
- Vi skal gjere alt for at pengane vi får frå skulen skal kome til nytte, og vi kjem ut med meir informasjon om samlinga så snart dette er klart, seier den nyvalde kontaktansvarlege.
Nettstaden til Studenttinget i Volda finn du på http://hivolda.no/stiv