For tillitsvalde

Alle studieprogram ved Høgskulen (årsstudium, bachelor- eller masterprogram) som gir 30 studiepoeng eller meir i semesteret, vel tillitsvalde. Vervet varer eit studieår, og består i å arbeide for å ivareta studentane sine interesser. Som tillitsvald er ein talerør for sitt studium/sin klasse i studierelaterte saker, slik som studiekvalitet og praktisk gjennomføring av studiet.  

Som tillitsvald sit du i Studentrådet, som er dei tillitsvalde sitt eige forum, leia av Studentparlamentet. I tillegg er det på dei fleste avdelingar slik at dei tillitsvalde også sit i fagutval. Unntaket er avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. 

 

Rolle og oppgåver

Som tillitsvald er du bindeledd mellom studentane på ditt studium, Studentparlamentet og Høgskulen. I rolla som tillitsvald er det viktig at dine medstudentar har tillit til at du handsamar saker på ein ryddig måte. Som tillitsvalt har du teieplikt, og det du får vite av sensitiv personinformasjon skal ikkje delast med andre. 

Oppgåvene til deg som tillitsvald vert forma ut i frå behovet til din klasse. Det kan dreie seg om å: 

  • Ta opp saker på vegne av ditt studium/klasse med faglærar, emneansvarleg eller studieleiar.
  • Drøfte saker på vegne av ditt studium/klasse med andre tillitsvalde og Studentparlamentet på Studentrådsmøte.
  • Formidle informasjon frå leiinga ved Høgskulen og Studentparlamentet tilbake til ditt studium.
  • Bidra til å sikre god gjennomføring av studentundersøkingar og evalueringar ved Høgskulen.

Er du usikker på korleis du skal gå fram i ei sak, er det berre å ta kontakt med vår fagansvarleg i Arbeidsutvalet, Jeanette Reisig