Nytt på nytt

Profesjonsfagleg rettleiing for nyutdanna lærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring.

Profesjonsfagleg rettleiing for nyutdanna i barnehage og skule har siste åra vorte eit satsingsområde. For å støtte opp under arbeidet med rettleiing av nyutdanna har tiltaket “Nytt på nytt” vore eit tilbod for oppfølging av nyutdanna lærarar og rettleiarar sidan 2004. I samarbeid mellom barnehage-og skuleeigar og høgskulen vert det organisert lokale rettleiingsgrupper, fagsamlingar og samarbeidsmøte. Tiltaket er finansiert i samarbeid mellom arbeidsgjevar, Høgskulen i Volda og Utdanningsdirektoratet. Frå hausten 2026 skal ordninga med profesjonsfagleg rettleiing for nyutdanna lærarar inngå i den heilskaplege ordninga for kompetanseutvikling i barnehage og skule.

På heimesida finn du informasjon om både det nasjonale og det lokale tiltaket.
Dersom du ønsker meir informasjon om tilbodet i Møre og Romsdal, kan du ta kontakt med prosjektleiar Gerd Sylvi Steinnes på gerds@hivolda.no eller på telefon 70 07 52 67.

Kva er profesjonsfagleg rettleiing for nyutdanna?

  • Dei nyutdanna får rettleiing av ein lokal rettleiar, utvald av arbeidsgjevar/ styrar/rektor (individuelt eller grupper) 
  • Eigar har hovudansvaret for at nyutdanna får tilbod om rettleiing og for å finne kvalifiserte rettleiarar
  • To fagsamlingar i året arrangert av  Høgskulen i Volda for nyutdanna og  rettleiarar/mentorar (Nytt på nytt)
  • Lærarutdanninga skal bidra fagleg i arbeidet overfor eigarar, leiarar, rett-leiarar og nyutdanna, samt utdanne  rettleiarar
  • Rettleiarane får høve til rettleiing og oppfølging i eigne fora

Kven kan være med?

Grunngjevinga for rettleiingsordninga bygger på at enkelte sider ved yrkesutøvinga vert lært best i yrkeslivet, og at lærarutdanninga ikkje fullt ut kan førebu lærarstudentane på kvardagen i skulen og barnehagen. Nytt på nytt er aktuelt for alle nyutdanna lærarar i barnehage og skule dei første to åra i yrket og for lærarar som er rettleiarar/mentorar for nyutdanna.

Evalueringar viser at rettleiing har medverka til å gi nyutdanna

  • Betre evne til refleksjon over eigen praksis og kva som fører til eit godt læringsmiljø
  • Eit trygt fora å dele erfaringar i 
  • Tru på eigne evner
  • Støtte i meistring av møtet med elevane/borna
  • Støtte i meistring av yrkesrolla
  • Større stabilitet og mindre fråfall frå yrket

Tilbod frå det nasjonale nettverket Profesjonsfaglig veiledning for nyutdannede lærerer:

Opne webinar med tema relatert til profesjonsfagleg rettleiing i barnehage og skule, inntil 4 kvart år

Kontakt: 

Gerd Sylvi Steinnes, prosjektleiar

Mari Vinjevoll, fagressurs grunnskule

Kristin Rostad Gangstad, fagressurs barnehage

Kirsti Nygjerde, fagressurs barnehage

Prinsipp og forpliktelser for profesjonsfaglig veiledning for nyutdanna

Aktuell informasjon:

Evaluering av veiledning av nyutdannede nytilsatte lærere – sluttrapport (udir.no)

Det nasjonale nettverket for rettleiing av nyutdanna

Nasjonale rammer for rettleiingsordninga

Rettleiar for gode rettleiingsordningar

Aktuelle vidareutdanningar for rettleiarar som vert tilbodne ved Høgskulen i Volda: