Etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda

Rettleiings- og mentorutdanning 1

Fordjupingsstudium

Studiet er retta mot barnehagelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring, og gir kunnskap om eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling.

Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis, nyutdanna og kollegaer. 

Les meir i emneplanen her

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført barnehagelærar- eller lærarutdanning, og vere i arbeid som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. 

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte. Studiet har varierte arbeidsformer, som førelesingar, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis og kollegaer i barnehage og skule.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingane går over to dagar, dag 1 frå 13.15 til 18.00 og dag 2 frå 9.15 til 15.00

Samlingsdatoar:

Haust 2024
Veke 38: 18. – 19. september
Veke 45: 6. – 7. november

Vår 2025
Veke 2: 8. – 9. januar
Veke 11: 12. – 13. mars

Vel møtt!
 

Studieplan

Rettleiings- og mentorutdanning 1

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1 - vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
45
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Studentane må ha godkjent førskule/barnehagelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskule/barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring.  

Om studiet

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar og lærarar som skal vere praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring, og/eller rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer. Kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring skal styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også inn mot rettleiing av kollegaer og barn/elevar. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse og refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.

Nasjonale føringar

 I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga ( KD, 2017) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD, 2018) er det krav om 30 stp rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing. I 2017 vedtok Stortinget nasjonale rammer for rettleiing av nyutdanna, der eit godt utdanningstlbod for rettleiarar er sentralt for god rettleiing. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til å støtte desse tiltaka.

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
  • korleis ein kan inkludere studentar og nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar i barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike strategiar og verkty for rettleiing
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • utøve etiske vurderingar i samanheng med rettleiing
  • støtte og utfordre både studentar, nyutdanna lærarar og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing 
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre og gjennom dette medverke til nytenking og utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert med fire todagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda.

Rettleiings- og mentorutdanning 1
Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1
Informasjon

Sjå emneplanen for informasjon om samlingar

Emne2022 Haust2023 Vår
7.57.5
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studentane må ha tilgang til programvare som gjer at dei kan delta i rettleiing på nettet gjennom Zoom eller Teams.

Praksis

Studentane skal rettleie medstudentar i nettverksgrupper utanom samlingane og studentar og/eller kollegaer på arbeidsplassen.

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Fullført barnehagelærar- eller lærarutdanning, og vere i arbeid som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. 

  • Studieplan
Løpande opptak

Søknadskode : 4120

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt