Val av rektorat klart

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Rektorvalet for 2018 vart avslutta fredag 7. desember og Johann Roppen og Odd Helge Mjellem Tonheim er valt som rektor og prorektor frå august 2019.

Rektor Johann Roppem vil først og fremst takke for tilliten frå tilsette og studentar. – Eg er også glad for at det er klar auke i valdeltakinga. Det syner at ordninga med valt rektor framleis gir meining for mange, seier Roppen. 

Valstyret, ved leiar Mona Cecilie Andersen, kan fortelje at meir enn dobbelt så mange brukte stemmeretten sin denne gongen som ved førre val. Heile 402 tilsette og studenter stemde i årets rektorval. 

Påtroppande prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim ser fram til å ta fatt i å vere ein del av leiinga på HVO i dei neste fire studieåra, og er audmjuk over den tilliten som har vorte vist.  – Eg ser med spenning fram til fire utfordrande og lærerike år, og håpar alle som har innspel og idear tar kontakt. Framover vårsemesteret vil eg bruke ein del tid til å arbeide meg inn i aktuelle saker, avsluttar Mjellem Tonheim.

Meir om rektorvalet.

Del på