Studentar kan koronateste seg på Høgskulen i Volda
For å gjere koronatesting meir tilgjengeleg for studentar i Volda, vil det framover vere mogleg å ta testen på Høgskulen. Neste testdag er måndag 18. januar kl. 15.00–16.00.
I samarbeid med personell frå teststasjonen for Ørsta og Volda kommune, vil det verte tilbod om å ta koronatest ved Høgskulen i Volda dei neste vekene då mange kjem tilbake frå andre stadar i landet.
Dette tilbodet er spesielt retta til studentane, då fleire ikkje har bil og difor utfordringar med å kome seg til teststasjonen i Hovdebygda.
Tilbodet er til studentar busett i Volda som fyller eit eller fleire av desse kriteria:
- Har vore i områder med høgt smittepress.
- Meiner dei kan ha vore utsette for smitte på anna vis.
- Har luftvegssymptom.
Teststad: Aasen 113
Dato: 18.01.2021 (fleira datoar kjem)
Tidsrom: kl. 15.00–16.00.
Viktig informasjon om testinga:
- Bestill time på førehand. Dette kan ein gjere på koronatelefonen til Ørsta og Volda kommune (tlf. 700 58 960), helst i tidsrommet kl. 12–14.
- Møt opp så presist som mogleg, for å unngå at det vert unødig kø.
- Hald minst 2 meters avstand til andre.
- Bruk munnbind dersom du har luftvegssymptom eller kjenner deg sjuk på anna vis.
- Gå rett inn og rett ut av området for teststasjonen. Ikkje opphald deg unødig inne på høgskulen før og etter testing.
Testresultat:
Svaret kan ein finne på helsenorge, eller ved å ringe koronatelefonen i opningstida. Ein
kan rekne med å få svaret på koronatesten i løpet av 2 dagar.
Meir informasjon om koronatestar kan du finne på:
https://www.volda.kommune.no/beredskap/
https://www.fhi.no/
