Snart kan du reise kollektivt til og frå flyplassen

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Gladmelding til studentar: Frå 23. august kan du ta buss eller drosje, til busspris, til og frå Ørsta-Volda Lufthamn, Hovden.

Det blir ordinær bussteneste på dagtid og bestillingstransport morgon, kveld og helg. Bestillingstransporten går med drosje, men du betaler busstakst.

Det er lokalrutene 338 Volda-Ørsta-Ulsteinvik og 340 Ørsta-Volda som vil køyre til og frå flyplassen når det er bussavgangar som passar med flytidene. 

Drosje for buss 

Til dei avgangane og framkomstane det ikkje går rutebuss, blir det mogleg å bestille FRAM Svipp, som er FRAM si nye ordning for bestillingstransport. 

Med FRAM Svipp blir ein henta heime og køyrt til flyplassen – eller frå flyplassen og heim, og du betaler det same som det ville koste å ta buss. Transporten går med drosje, og det kan vere fleire med i drosja. Du betaler til sjåføren. 

– FRAM Svipp er eit nytt system for bestillingstransport som FRAM skal ta i bruk. Prosjektet ved Hovden er eit pilotprosjekt for å teste ut løysinga, seier Ingebjørg Nergaard, rådgivar i FRAM og prosjektleiar for pilotprosjektet. 

– Vi har stor tru på at FRAM Svipp blir tatt godt imot og at fleire no vil velje å reise kollektivt til og frå flyplassen, held Nergaard fram.

Les meir om korleis du kjem deg til Volda med fly, buss og bil her.

Slik fungerer FRAM Svipp

Tilbodet blir tilgjengeleg for definerte, sentrumsnære soner i Ørsta og Volda kommune, det vil seie at plassen ein skal køyrast frå eller til, må ligge innanfor dei definerte sonene. FRAM vil kome med nærare informasjon om sonene før oppstart 23. august.

Bestillingar må gjerast i Svipp-appen som blir tilgjengeleg kort tid før oppstart. For avgangar før kl. 9 om morgonen må ein legge inn bestillinga seinast kl. 22 kvelden før. For andre avgangar må ein bestille seinast 1 time før ein vil bli henta heime når ein skal køyrast til flyplassen. Når ein bestiller, må ein legge inn god nok tid til at ein kan vere på flyplassen minimum 25 minutt før avreise. Viss ein skal reise frå flyplassen og heim, må ein bestille minimum 15 minutt før du vil reise.
 

Del på