Rekordstor påmelding til Utdanningsdagane

Tekst: Terese Balsnes

Høgskulen i Volda inviterer for åttande gong avgangselevar i  vidaregåande opplæring og folkehøgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til utdanningsdagar. Førehandspåmeldinga er rekordstor, og i løpet av to dagar med fullpakka program, er det venta om lag 1300 elevar på høgskuleområdet.

– I år går Utdanningsdagane føre seg 30. - 31. oktober, og denne veka opnar påmeldinga for kvar elev. Under Utdanningsdagane står høgre utdanning og framtidige karrierevegar i fokus. Vi ønskjer at elevane skal verte betre budde til å ta utdannings- og yrkesval. Målet er å bidra til at fleire ungdomar vel å bli i eigen region, både under utdanning og seinare i arbeidslivet. Dette seier Torill Engeseth, prosjektleiar ved høgskulen.

Elevane får informasjon om studietilbod, får snakke med faglærarar og studentar, og får ein smakebit av undervisninga. NTNU, avdeling Ålesund og Høgskulen i Molde vil også vere til stades og presentere sine studietilbod. 

Elevane melder seg på digitalt og kan velje mellom tre fagområde han eller ho ønskjer å høyre meir om. I løpet av ei økt på 45 minutt vil elevane møte både lærarar og studentar frå dei aktuelle områda. I tillegg vil elevane få informasjon om utveksling og internasjonalisering, samt få eit innblikk i livet som student og Volda som studiestad.  

–  Eg vil på vegne av alle involverte i Utdanningsdagane ønskje elevar og læarar frå dei vidaregåande skulane og folkehøgskulane hjarteleg velkomne, seier Torill Engeseth - Vi gler oss skikkeleg til nokre innhaldsrike, hektiske og kjekke dagar! 

Les meir om Utdanningsdagane og meld deg på på hivolda.no 

Del på