Kunst og handverk for framtida

Tekst:

- Oppdatert

Frå hausten av tilbyr Høgskulen i Volda to nye emne i kunst og handverk: Teikninga lever og Trearbeid i framtidsskulen. Emna er ein del av programmet Kompetanse for Kvalitet som vidareutdannar lærarar.

Og det er ikkje tilfeldig at det er akkurat desse to emna høgskulen skal tilby, fortel høgskulelektor Åshild Sævik. 

– For det første har vi ringt fleire skular i nærleiken for å høyre kva tilbod lærarane ynskjer seg. Og dei områda som flest ville ha auka kompetanse i, var nettopp teikning og trearbeid. 

Det overraskar ikkje henne og kollegaane at det er desse faga lærarane ynskjer å få meir utdanning i.

– Dette er fag som krev mykje av deg som lærar, og som det tek lang tid å meistre. Trearbeid er dessutan avhengig av tilgang til ein verkstad og mykje forskjellig utstyr. 

KFK
Frå venstre: Robert Steinnes og Karen Brænne.

Handarbeid får eit løft

I tillegg kjem det fram av fagfornyinga knytt til dei nye lærarplanane, som skal takast i bruk hausten 2020, at kunst- og handverksfaga vert prioritert framover. 

At det no vert eit auka fokus på kunst og handverk, syns Sævik og kollegaane hennar er veldig positivt.  

– Det er nok mange som underviser i kunst og handverk utan å ha noko formell utdanning innan desse faga. Så no håpar vi å kunne vere med på å auke kompetansen i skulen.

Dei nye emna vert nett- og samlingsbasert, og skal byggje på både tradisjonelle teknikkar og nye digitale verktøy. 

– Det er viktig å ha dei tradisjonelle og manuelle teknikkane i botn, samstundes som ein ser på kva som finst av digitale løysingar og hjelpemiddel.  

Søknadsfrist for kompetanse for kvalitet er 1. mars, les meir om tilboda til Høgskulen i Volda her.

Del på