RUS302 Tiltak mot rusproblem

Emnekode: 
RUS302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Treatment and prevention of alcohol and drug problems
Emnenavn på bokmål: 
Tiltak mot rusproblem
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Tiltak mot rusproblem vert det, med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap, fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

Tema 1) Grunnlagsspørsmål

  • forståingsmodellar
  • etikk og brukarperspektiv
  • juridiske rettar
  • organisasjonsstrukturen på rusfeltet

Tema 2) Tilnærmingsmåtar

  • behandlingsmodellar
  • lågterskeltiltak

Tema 3) Særskilde tiltak

  • tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • motiverande samtale (MI)
  • rus og psykisk liding (ROP)
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
  • ha omfattande kunnskap om ulike behandlingsmodellar
  • ha inngåande kunnskap om organisering av hjelpetenester på ulike nivå
  • kunne oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • inngåande ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
  • omfattande ferdigheiter til å ta i bruk relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar i samarbeid med brukar og pårørande
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere og reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på som han eller ho møter i yrkessamanheng
  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.

Samling 1: Veke 3

Samling 2: Veke 10

Samling 3: Veke 16

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Noko av undervisninga kan skje digitalt (t.d. via Zoom), og i slike situasjonar må studentane forvente å måtte ha kamera og lyd slått på. Dette er nødvendig for å få til det samspelet og dialogane som studiet er bygt på, og såleis sikre sikre at ein når kompetansemåla om å kunne reflektere kritisk over ulike forståingar ein møter i yrkessamanheng, samt over eiga rolle som profesjonell. Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom. Behovet må grunngjevast. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte

  • Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane).

Arbeidskrav

  • Skriftleg kasusbasert oppgåve på masimum 1500 ord.
Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Egil Arne Standal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle.
Maksimum 3000 ord
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022