Semesters

RUS302 Tiltak mot rusproblem

Emnekode: 
RUS302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Tiltak mot rusproblem vert det med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblemtikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på førebyggings- og tiltaksnivå.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

Tema 1) Grunnlagsspørsmål

  • forståingsmodellar
  • etikk og brukarperspektiv
  • juridiske rettar
  • organisasjonsstrukturen på rusfeltet

Tema 2) Tilnærmingsmåtar

  • førebyggingsstrategiar
  • behandlingsmodellar
  • lågterskeltiltak

Tema 3) Særskilde tiltak

  • tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • motiverande samtale (MI)
  • rus og psykisk liding (ROP)

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
  • har god kunnskap om ulike behandlingsmodellar
  • har inngåande kunnskap om organisering av førebyggings- og hjelpetenester på ulike nivå
  • kan oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Ferdigheiter

Studenten

  • har ferdigheiter i å drive rusførebyggande arbeid
  • har ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
  • har ferdigheiter til å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på
  • har evne til å reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om minst 75 % frammøte på samlingane.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Alle.4000 ord (+/-10%)
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle.
Omfang:4000 ord (+/-10%)
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 01.03.17