Semesters

RUS302 Tiltak mot rusproblem

Emnekode: 
RUS302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Tiltak mot rusproblem vert det med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblemtikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på førebyggings- og tiltaksnivå.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

Tema 1) Grunnlagsspørsmål

  • forståingsmodellar
  • etikk og brukarperspektiv
  • juridiske rettar

Tema 2) Tilnærmingsmåtar

  • førebyggingsstrategiar
  • behandlingsmodellar
  • lågterskeltiltak

Tema 3) Særskilde tiltak

  • tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • motiverande samtale (MI)
  • rus og psykisk liding (ROP)

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer. Kommunikasjonen mellom studentane innbyrdes og i høve til høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøyet Fronter.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Emnet gjev kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet, ulike behandlingsmodellar og organisering av førebyggings- og hjelpetenester på ulike nivå.

Ferdigheiter

Emnet bidreg til å utvikle studenten si evne til å analysere og arbeide med ulike rusfaglege problemstillingar.

Generell kompetanse

Emnet medverkar til å utvikle studenten si evne til å reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Samlingane våren 2017 er i veke 4, 11 og 17.

Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om min. 75 % frammøte på samlingane.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Alle.4000 ord (+/-10%)
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle.
Omfang:4000 ord (+/-10%)
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 06.10.16