Semesters

RUS302 Tiltak mot rusproblem

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
RUS302
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Rapporteringsprogram: 
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Tiltak mot rusproblem vert det, med bakgrunn i forskings- og erfaringsbasert kunnskap, fokusert på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.

Kurset er delt inn i tre hovudtema:

Tema 1) Grunnlagsspørsmål

  • forståingsmodellar
  • etikk og brukarperspektiv
  • juridiske rettar
  • organisasjonsstrukturen på rusfeltet

Tema 2) Tilnærmingsmåtar

  • behandlingsmodellar
  • lågterskeltiltak

Tema 3) Særskilde tiltak

  • tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
  • motiverande samtale (MI)
  • rus og psykisk liding (ROP)
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha inngåande kunnskap om tiltaks- og ansvarsliner i rusfeltet
  • ha god kunnskap om ulike behandlingsmodellar
  • ha inngåande kunnskap om organisering av hjelpetenester på ulike nivå
  • kunne oppdatere kunnskapen sin på desse områda
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter i å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å analysere og forstå brukarar sine rusproblem
  • ferdigheiter til å bruke relevant forskings- og erfaringsbasert kunnskap i utføringa av sitt arbeid med ulike rusfaglege problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere og reflektere kritisk over ulike måtar å forstå og arbeide med rus- og avhengigheitsproblematikk på som han eller ho møter i yrkessamanheng
  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i arbeid med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.

Samling 1: Veke 3

Samling 2: Veke 9

Samling 3: Veke 16

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Noko av undervisninga kan skje digitalt (t.d. via Zoom), og i slike situasjonar må studentane forvente å måtte ha kamera og lyd slått på. Dette er nødvendig for å få til det samspelet og dialogane som studiet er bygt på, og såleis sikre sikre at ein når kompetansemåla om å kunne reflektere kritisk over ulike forståingar ein møter i yrkessamanheng, samt over eiga rolle som profesjonell. Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom. Behovet må grunngjevast. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det vil gå fram av semesterplanen i Canvas kva delar av undervisninga som er obligatorisk.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Vidar Kjetil Myklebust
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
ASH opne emne masternivå
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
OppgaveIndividuell 1SemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Alle.4000 ord (+/-10%)
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 50Ingen
Vurderinger:
Vurderingsform:Oppgave
Gruppering:Individuell
Varighet: 1
Varighetstype:Semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Alle.
Omfang:4000 ord (+/-10%)
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 50
Kommentar:
Hjelpemidler:Ingen
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 05.03.2021