Lanseringsseminar: «Plan, politikk og prosess: eit heidersskrift til Jørgen Amdam og Roar Amdam»

Fredag 23. mai inviterer vi til lansering av heidersskrift til brørne Amdam, som har vore nøkkelpersonar i fagmiljøet for planlegging ved Høgskulen i Volda sidan 1980-talet.

Jørgen og Roar Amdam.

Jørgen Amdam (arkivfoto) til venstre og Roar Amdam (foto: Olav Standal Tangen) til høgre.

Redaksjonen bak boka Plan, politikk og prosess: eit heidersskrift til Jørgen Amdam og Roar Amdam (Scandinavian University Press, 2025) har den store gleda av å invitere til lanseringsseminar.

Lanseringa finn stad i HS260 Opplysninga i Hans Strøm-huset på Høgskulen i Volda fredag 23. mai 2025 kl. 11.00–13.00.

Initiativet til heidersskriftet kjem frå tilsette ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) – fagmiljøet som professorbrørne Jørgen og Roar Amdam har spelt ei avgjerande rolle i å byggje opp ved Høgskulen i Volda (HVO) gjennom over førti år.

Dei fire redaktørane bak boka arbeider alle ved IPAS: førstelektor Gro Anita Bårdseth, professor Bjarte Folkestad, dosent Lars Julius Halvorsen og førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen.

Programmet for lanseringa

  • 11:00: Velkomen v/rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
  • 11:05: Helsing og overrekking frå redaksjonen v/Bjarte Folkestad (HVO).
  • 11:20: Planteori og praksis. Sentrale bidrag frå Jørgen Amdam og Roar Amdam v/Aksel Hagen (INN).
  • 11:50: Kulturelt innslag.
  • 12:00: Kaffipause.
  • 12:15: «Har digital tvilling praktisk verdi for norsk planlegging? Ei sonderande oversikt» v/Gro Anita Bårdseth (HVO).
  • 12:30: «Frå Røykeslutt til samfunnsutvikling: Lokalt folkehelsearbeid sett i lys av nasjonal folkehelsepolitikk, 1990-2020» v/ Randi Bergem (HVO).
  • 12:45: Kulturelt innslag.  
  • 13:00: Etter programmet blir det sosialt samvær med servering av god mat.

Om brørne Amdam

Jørgen og Roar Amdam er av dei som har hatt størst betydning for norsk planleggingspraksis dei siste 50 åra. Amdam-brørne har reist land og strand rundt og utdanna norske planleggjarar og hjelpt kommunar og fylkeskommunar i praktisk planarbeid. Dei har vore tydelege stemmer i samfunnsdebatten rundt offentleg organisering og utvikling. Samstundes har brørne hatt ein sentral posisjon i utviklinga av vitskapen rundt samfunnsplanlegging og regional utvikling. Brørne har eit stort nasjonalt og internasjonalt forskingsnettverk, og dei står bak ein særs rik og mangfaldig forskingslitteratur. Brørne har også vore sterke institusjonsbyggjarar. Dei har spelt ei avgjerande rolle i utviklinga av Møreforsking. Ved Høgskulen i Volda har dei bygd opp eit sterkt og robust fagmiljø ved høgskulen og innanfor samfunnsplanlegging og leiing.

 

Del på: