Sikra jobb etter utdanning

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I åra som kjem treng Noreg fleire tusen nye lærarar. Som lærar er du sikra jobb. Lærarstudentane Synnøve Olsen Tangen og Iselin Mari Brunvoll besøkte tidlegare i mars elevar i ei rekkje vidaregåande skular og folkehøgskular for å fortelje om lærarutdanningane i Volda og kvifor dei har valt å satse på læraryrket.  

Vil du ha ein variert arbeidsdag, jobbe med fag du brenn for, inspirere og hjelpe barn og ungdom å nå sine mål og ikkje minst bli inspirert sjølv– kvar einaste dag? Ja, då bør du bli lærar.

Det er det inntrykket vi sit att med etter å ha snakka med dei to lærarstudentane då dei vitja den vidaregåande skulen Akademiet i Ålesund. Synnøve og Iselin hadde rigga seg til med ein liten stand i kantineområdet klare til å snakke med interesserte om læraryrket og lærarutdanningane i Volda.

Video og ein god arbeidsmarknad

I ein ny video fortel Synnøve og klassekameratane Ingrid og Anders meir om kvifor dei valde å bli lærar i Volda. For lærarstudentane i Volda er det også eit pluss at arbeidsmarknaden for nyutdanna lærarar er god.

Godt rykte

– Eg hadde høge forventningar til Volda. Før eg tok til i Volda, hadde eg ofte høyrt vener snakke varmt om Volda og studiemiljøet. Etter tre år i Volda kan eg trygt seie at forventningane er innfridde, seier Iselin Mari Brunvoll.

Iselin og Synnøve fortel om ein studiekvardag med flinke fagfolk, god kontakt mellom studentar og lærarar, bruk av ny teknologi i undervisninga, studieopphald i utlandet og gode praksisordningar. Dei vitnar også om eit studentmiljø som er inkluderande med lag og foreiningar for alle.

– I Volda blir du sett. Du forsvinn ikkje i mengda. Før du veit ordet av det er du med i styret i ein eller annan studentorganisasjon eller spelar gitar i eit studentband, ler dei.

På utdanningsmesse.
Synnøve har også vore ein av høgskulen sine ambassadørar på utdanningsmesser.

Variasjon og valfag

Som lærar jobbar ein med unge menneske som alle er ulike med ulike føresetnadar. Det gir variasjon og dagar som ikkje er prega av rutine. Ein lærar har også høve til å legge opp undervisninga på ulike måtar. Alt dette gjer at arbeidsdagen blir variert og inspirerande. Ved å velje valfag som passar deg kan du også sette eit personleg preg på lærarutdanninga di.

– Valfaga i lærarutdanninga er viktig. For meg er det viktig å ha eit meir praktisk retta fag i utdanninga mi, seier Synnøve som har tenkt å ta kroppsøving som valfag. Andre valfag ein kan velje mellom er KRLE, naturfag og spesialpedagogikk samt digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon.

Iselin og Synnøve og andre grunnskulelærarstudentar ved lærarutdanninga i Volda reiste rundt i Sogn og Møre og Romsdal og snakka om læraryrket til elevar i vidaregåande skular og folkehøgskular. I ferjefylket blei det mange høve til å smake på svelene.

Ein meiningsfull jobb

Som lærar arbeider ein med barn og unge. Som lærar kan du å gjere ein forskjell. Dette aspektet ved læraryrket appellerer både til Synnøve Olsen Tangen og Iselin Mari Brunvoll.

–  Det er godt å sjå når elevane lukkast og læring skjer, seier dei. Slike magiske augneblinkar, då alt stemmer og kontakten mellom oss som lærarar og elevane er god, gir dagar som ein kan leve på lenge.  

Undervisning.
Som lærar kan du gjere ein forskjell.

Les om gode grunnar til å bli lærar i Volda!

Del på