Tekniske og allmenne fag - TAF

Utdanninga er fireårig, med ein kombinasjon av yrkesfag og fag frå studiespesialiserande studieretning. Opplæringa har ein praktisk og ein teoretisk del, der praksis blir gitt i verksemder og teoriundervisninga går føre seg på skulen.

Utdanninga gir eit svært godt grunnlag for vidare val av arbeid eller utdanning. Elevane får både yrkeskompetanse (fagbrev) og spesiell studiekompetanse, retta mot til dømes ingeniørutdanning. Næringslivet har stor trong for å rekruttere ingeniørar med høg kompetanse, med både praktisk og teoretisk bakgrunn.

På Søre Sunnmøre er det Ulstein vidaregåande skule som tilbyr utdanninga.