– TAF? Det er ei gyllen mulegheit
– TAF? Det er ei gyllen mulegheit, det, verken meir eller mindre! Det seier Katrine Østgaard som gjekk ut i 2011. Ho søkte TAF fordi det var noko anna enn «vanleg» studiespesialisering og fordi ho kjente nokon som allereie gjekk der. I tillegg var det fortsatt eit rimeleg nytt tilbod, den første klassa starta opp i 2003, ho søkte og kom inn i 2007.

TAF vart betre enn Katrine hadde tenkt og ho visste at TAF-elevane jobba nokre dagar i veka og gjekk på skule resten av veka.
– Det gjekk faktisk betre å jobbe enn eg trudde. Før eg begynte, trudde eg at utplasseringa i bedrift skulle vere mest utfordrande, men det var utruleg kjekt. Dei som eg jobba i lag med visste ikkje kva godt dei kunne gjere. Eg vart ekstra påpassa, folk rundt meg var særs støttande og hjelpsame. Då eg begynte, var det enno få jenter ute i bedriftene som lærlingar eller elevar. No er det mykje meir vanleg med jenter overalt.
Og favorittfaget?
– Det må vere teikning. Det er utruleg kjekt. I tillegg er eg god i det og då vart det sjølvsagt eit kjekt fag!
Det som Katrine har sett størst pris på i ettertid, er sjansen ho fekk til å bygge nettverk i bedrifta ho var utplassert i. Det har vore eit pluss heilt sidan ho var ferdig vgs-elev med fagbrev.
Etter UVS reiste ho til Bergen, begynte på Høgskulen i Bergen og fekk tittelen produksjonsingeniør etter 3 år. Ho fekk stipend frå Ulstein til utdanninga, sjølvsagt mot at ho kom tilbake til Ulstein ved endt utdanning.
Studiet i Bergen passa Katrine som fot i hose og hand i hanske. Ikkje berre fekk ho tenke som ein ingeniør, men ho vart også utfordra i entreprenørskap, leiing, logistikk, teikning, effektivisering… Dessutan likte ho godt Bergen som studieby: akkurat passeleg stor, med fjell og sjø rett utanfor inngangsdøra.
Ulstein kalla og sjølv om ho ikkje akkurat fekk jobb som produksjonsingeniør, så vart det jobb innanfor sal. Både tilfeldigheiter og kjennskap til folk og nettverksbygginga gjorde utslaget der.
Ho har også prøvd seg som designer innan skipsdesign og som sals- og interiørkonsulent innanfor møbelindustrien, der ho har stått for sal, planløysing og prosjektering. No skal Katrine tilbake til Ulstein.
Kva lærte du mest av då du var TAF-elev og lærling?
– Eg lærte meg å være sjølvstendig, takle ulike mennesketypar i ulike situasjonar. Det eg i seinare tid har hatt stor bruk for er at eg lærte å sette teori og praksis opp mot kvarandre. Det vi lærte i timane på skulen stemte ikkje alltid med det vi gjorde på jobb då det i kvardagen ofte er fleire uforutsette faktorar som spelar inn.
Du blir raskt kasta inn i arbeidslivet og sjølv om du er ung og ikkje jobbar der kvar dag, må du forholde deg til det som ein fulltidsjobb. Ein blir fort vaksen av å gå TAF.
Har du eit godt tips til ein 10.klassing?
– Ikkje ha så stort fokus på kva du skal bli når du blir stor! Ikkje ver redd for å velje feil! Uansett kva ein gjer så blir ein minst ei erfaring rikare og ein kan alltids bytte seinare. Tørr å gå dine egne vegar! Mi erfaring er at vegen blir til medan ein går.