– Vegen blir nemleg til medan ein går

Mange er usikre på kva linje dei skal velje på vidaregåande. Berre eit fåtal veit akkurat kva dei vil bli. Det er nemleg ikkje alltid at ting går som på ”skinner”. Og det er faktisk heilt greitt. Og sjølv om ein trur at ein har planen klar, så er det også lov å endre meining, og gjere omval. Dette er historia om ei jente som hadde det akkurat slik. Og om du kjem i ein slik situasjon, eller kanskje allereie er der, så fortvil ikkje. Det går som oftast bra. 

Solveig Bjørnerem-Brandal
Solveig Bjørnerem-Brandal

 

Solveig er ei av dei som trudde ho visste kva ho ville bli. Ho hadde ein draum om å bli kreftsjukepleiar, helst på ei barneavdeling. Grunnen til denne draumen var fordi ho sjølv har opplevd kreft i familien. Søstera døydde som følgje av sjukdomen, rett før Solveig starta på ungdomsskulen. I tillegg hadde Solveig tatt alle dei utdanningsundersøkingane som ho fann på nett, og alle var med på å støtte opp om draumen. Difor søkte ho, og kom inn på, helse- og oppvekstfag. Men ho gjekk der bere i eitt år.  

– Etter kvart fann eg ut at eg ikkje likte sprøyter, og ikkje blod. I tillegg vart eg så frykteleg lei meg av alle dei triste sjukehistoriene. Difor måtte eg endre retning og valet fall på IKT sidan eg kunne kome inn her uansett kva linje eg hadde gått på Vg1. På denne tida hadde eg også begynt å interessere meg for motorar og bilar. IKT er nok eit typisk gute-val, og med bakgrunn i dei ”nye interessene” hadde eg litt lyst til å utfordre meg sjølv. Eg starta som einaste jente i klassa, med Mac, ei såkalla eplekasse, medan dei andre sjøvsagt hadde Windows-system på PC-ane sine… Å gå i klasse med berre gutar ser eg på som udelt positivt. Eg stortreivst i denne klassa. Det er ofte mykje drama mellom jenter. Faga derimot var ikkje akkurat så veldig interessante, innsåg eg etterkvart, men det gjekk greitt.  

Etter fullført IKT-servicefag tok Solveig påbygg og fekk generell studiekompetanse. Hadde ho valt igjen, hadde ho valt TIP eller Fiske og fangst. Dei vala ho tok, var komfortable val eigentleg. No hadde ho definitivt valt noko som utfordra henne meir.  

– Eg tenker også at kvifor skal det vere berre det arket med karakterar på, altså vitnemålet, som definerer deg som person? Det burde vere fleire ting som var verdt noko i skulesamanheng. 

Medan Solveig gjekk vidaregåande hadde ho deltidsarbeid, noko som er ganske krevjande og ikkje ein så god kombinasjon med det å gå på skule. 

Så, etter eit ”friår” vart det endeleg førstegangsteneste på Solveig, der ho fekk testa uthald, fysikk og grenser. Det var både utfordrande og kjekt. Ho utvida førstegongstenesta frå 12 til 18 månader og er ein del av Stridstrenbataljonen. Dette er Hæren si forsynings- og transportavdeling med verkstadkompetanse. Med andre ord: Solveig køyrer store lastebilar.  

Det skal ho fortsette med. I lag med 1800 andre søkte ho på stilling som grenader. Etter fleire opptaksprøver vart ho ein av 150 som fekk tilbod om arbeid i forsvaret. Over nyttår dreg ho frå Bardufoss til Rena, der ho skal vere grenader i KP1 og er sikra jobb til ho er 35. Ho er tilsett som vognfører av drivstoff, dvs. at ho skal køyre lastebil med tankflak. Ho er også ein del av HRS (Hurtig reaksjonsstyrke). 

Solveig sitt råd til deg er: – Ikkje tru at du må ha alle svara med ein gong, av og til kjem dei til deg når du minst ventar det. Vegen blir nemleg til medan ein går.