TAF eller YSK? Kjært barn har mange namn!
Det som iallfall er heilt sikkert er at dette er eit 4-årig løp, der elevane får både fagbrev elevane får både fagbrev og kompetanse som stettar spesielle opptakskrav til ulike ingeniørutdanningar.
TAF-elevane på Ulstein vgs er utplasserte i bedrifter i området. Vg1, Vg2 og Vg3 har 2 dagar i veka på jobb og 3 dagar på skule, medan Vg4 har 3 dagar på jobb og 2 dagar på skule.
Dei har elevstatus dei to første åra, medan dei har lærlingstatus dei to siste åra.
Du kan ta fagbrev i mange ulike retningar innan industriteknologiske fag, som til dømes industrimekanikar og industrirørleggar.
Kven er den typiske TAF-eleven? Tja, der er vel like få typiske elevar der som på andre utdanningsprogram. Men det er lurt å vere litt sosial, litt praktisk, litt teoretisk…
Du blir fort vaksen når du går denne studieretninga, sidan du må sjonglere både jobb og skule, vener på 16 og vener på 56.
Men at det er kjekt og lærerikt og nyttig? Det er det ingen tvil om!