Revidert nasjonalbudsjett gir 1,47 mill. til HVO
- Det reviderte statsbudsjettet er ei gladmelding for norsk høgare utdanning, seier økonomisjef ved Høgskulen i Volda, Edel Vatne Roald. Innanfor eit stramt budsjett har regjeringa valt å prioritere UH-sektoren.
- Vi registrerer at det tidlegare kvileskjeret no er historie, kommenterer Edel Vatne Roald.
- Kuttet for 2007 og for første halvdel av 2008 vert ikkje tilbakeført, men vi får tilbakeført løyvinga frå hausten 2008.
- Høgskulen i Volda får kr 1.476.000 i tilleggsløyving for 2008, og dette betyr svært mykje for oss.
Les meir på Kunnskapsdepartementet sine heimesider.