Høgskulen i Volda kåra til beste stand nok ein gong!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Utdanningsmessa i Trondheim Spektrum er den nest siste av dei nasjonale messene der Høgskulen i Volda er representert. 26.-28. februar er det Oslo Spektrum som står for tur, og ein venter fleire tusen besøkande også desse dagane.

– Vi skal gjere vårt for at interesserte får svar på spørsmål, og at studiemangfaldet på høgskulen vert synleg for fleire. Mange stoppar opp ved standen og er interesserte. Det er artig når vi får tilbakemelding frå tidlegare studentar på at det vi viser er ekte, seier Marthe Alnes ved informasjonskontoret.

8d62a62e950b0c707f7b6bbfd4f34d5c99e0efec
Anne Birgit Aga har snakka med mange kommande studentar og håper å treffe igjen nokre av desse i Volda til hausten.

1c2dbcdbd59908aef6228541189ef0724b52f19a
Stine stod for svelerøra under messedagane, noko som viste seg å vere ein suksess.

2403c78ef3fa34bf046cd0f0e5347873aa346bd0
Ivrige elevar med på konkurranse  om å vinne skutstyr: "Kor mange årsstudium er det ved HVO? List opp to bachelorgradsstudium innan mediefag. Kva heiter studenthuset i Volda?"

e10a65dd8726e361f97ae2ba061076f3bf7c6b85
Friluftslivstudent Stine, informasjonskonsulent Marthe og informasjon og mediastudent Anne fekk mange positive tilbakemeldingar på det personlege konseptet og ser fram til å ta Oslo Spektrum med storm.


Del på