Ytste Skotet

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog , Photo: Foto: Eirin Myklebust

- Oppdatert

Som Oddgeir Bruaset ville ha sagt det: «No skal vi til ein veglaus gard. Ja, rettare sagt; ein fjellhyllegard der ingen skulle tru at nokon kunne bu.» Og der skulle vi, årets kull ved naturguideutdanninga i Volda. Dei tre neste dagane skulle vi vere på gardstunet «Ytste Skotet» i Storfjorden. 

Ved hjelp av bil til Dyrkorn, båt over fjorden og ein rusletur opp den bratte bakken var vi endeleg framme på fjellhylla 225 meter over fjorden. Pådekka bord med stearinlys og nyplukka blomster, bakalao på tallerkenen og fantastisk haustvêr møtte oss i det vi kom til Ytste Skotet. Dette var starten på tre lærerike dagar om natur, kultur og korleis generasjonar tilbake i tid levde. Tre dagar utan straum, biltrafikk og moderne vassklosett i porselen. Tre dagar med husarbeid, gardsarbeid og samarbeid.

Foto: Eirin Myklebust

Med eit godt måltid friskt i minne bar det ut på første arbeidsøkt. Her vart motorsaga bytta ut med rein muskelkraft i form av handsag og øks. Etter vel ein halvtime med arbeid kunne alle peike på gode og velutvikla vassblemmer i hendene. No byrja verkeleg respekten for dei som levde heile livet sitt her oppe på fjellhyllegarden å vekse. Trass vassblemmene fortsette vi arbeidet, og fleire tre låg no kløyvde på bakken. Desse vart så tekne med ned til garden der vi igjen måtte til med sag og øks for å gjere dette om til vedskier. Dei fleste som har drive fysisk aktivitet i ei eller anna form skjønar at middagen denne kvelden smakte ekstra godt.

Natta heldt vi til på låven, der snorkande studentar og torevêr konkurrerte om høgast lydnivå.  Den verste lyden begynte derimot klokka 08.00 om morgonen, den skjerande lyden av mobilvekkarklokker som ringte samtidig. Etter gårsdagens øksebruk var alle musklane i kroppen ømme og slitne, likevel klarte vi på mirakuløst vis å krabbe oss ut av soveposane og over gardstunet for å få i oss den etterlengta morgonkaffien. Eit obligatorisk ritual for å få auga til å vakne, og med eitt var arbeidsdagen i gong. 

 

Foto: Eirin Myklebust

Denne dagen vart grasklipparen bytta ut med ljå, eit gamaldags reiskap med langt treskaft og eit bueforma knivblad på enden. No skulle slåttemyra få ny frisyre, noko eg trudde var ei enkel sak. Dette stemte ikkje, ein treng nemleg minst 20 års erfaring for å meistre dette kunststykket. Det som føltest som mange hundre kvadratmeter med gras vart frisert og kamma. Gamlekarane ville vel heller sagt slått og raka. 

Kroppen byrja å seie i frå om væske og matmangel, noko som indikerte at tida var inne for energipåfyll. I dagens samfunn brukar vi fem minutt på å varme ein pakke fjordland i mikroen, to minutt på å sluke maten, for deretter og springe av stad til neste aktivitet. Her var nemleg resten av dagen satt av til å lage ein tre-retters middag, ein festmiddag av dei sjeldne. Vi delte opp i forskjellege matgrupper kor nokre fekk ansvar for å røyke fisk og lage flatbrød til forretten, lage kokegrop og passe på lammelåret til hovudretten, samt ei gruppe til å lage god dessert. Seinare den kvelden var kvar og ein så mette at vi rulla over gardstunet og inn i soveposen.

Dagen etter trur eg jammen at dei fleste også vakna opp like mette som då vi la oss. Desverre skulle vi no også forlate garden, og eg veit no at opningsreplikken i Oddgeir Bruaset sitt program er feil. For der ingen skulle tru at nokon kunne bu, ja der vil eg attende!

Tekst og foto: Eirin Myklebust

Del på