Kombinerer folkehøgskuleår med studium

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Halvårsstudiet Kristendomskunnskap og ungdomsarbeid er eit samarbeid mellom høgskulen og KFUK-KFUM i tilknyting til prosjektet Ten Sing Norway. Studentane reiser rundt med konsertar og show som skal inspirere til liknande arbeid i Noreg og andre delar av verda.

df1726937f3b717d2b9d8c8c32fc838ab3322a48
Linda Terese Rosenberg og Hanne Fuglør trivst godt som studentar og ser fram til hausten.

– Eg anbefalar studiet på det varmaste. Ein søkjer først opptak til prosjektet for deretter å søkje til høgskulen om ein vil studere i tillegg. Vi har program på dei stadene vi besøkjer, og ein avsluttande eksamen etter ein kort studieperiode. Vi lærer mellom anna korleis vi skal nytte bibeltekstar i kreativt arbeid, fortel Hanne.

–  Studiet er lagt opp med tre samlingar over eit år. Førelesaren har vore på Rønningen saman med oss.  I tillegg har vi hatt undervisning og rettleiing via Fronter. Vi er knytte tett saman som gruppe. Studiet gir oss fagleg tyngd for vidare arbeid, med grunnleggjande teoriar og erfaring frå praksisfeltet som viktige reiskapar, seier Linda.

Hanne og Linda er ikkje sikre på kva dei vil studere vidare. Alt frå historie og samfunnsfag til helsefag er aktuelle alternativ. Begge har fått ein smakebit på studielivet og gler seg til å ta fatt for fullt.


Les meir om Kristendomskunnskap og ungdomsarbeid.

Del på